Sognekraft sine nettkundar kan krevje kompensasjon ved straumbrot over 12 timar.
Satsen er 600 kroner dersom ein kunde er utan straum i 12 - 24 timar, og beløpet blir høgare dersom straumen er borte meir enn eitt døgn.
Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har innført ordninga.
For å få utbetalt kompensasjon etter eit langvarig straumbrot må du sende inn krav til Sognekraft AS på skjemaet du finn på linken lenger nede på sida.
Satsane for utbetalingar er:
Dersom straumen kjem og går, vert straumbrotet rekna som samanhengande om straumen er tilbake i mindre enn 2 timar mellom kvart brot.
For fritidsbustad kan eigar ikkje krevje meir i kompensasjon enn det som er forventa årleg nettleige.
Kundar som har meir enn eit målepunkt får kompensasjon for det målepunktet som gir grunnlag for den høgaste kompensasjonen.
Sognekraft © 2010