- set krefter i sving

Dagmar råka oss hardt

Stormen Dagmar gjorde deler av julehelga 2011 utriveleg for mange av straumkundane våre.

Sognekraft kalla ut alt tilgjengeleg mannskap og gjorde alt som stod i vår makt for at straumkundane våre skulle få att straumen så snøgt som råd, men skadeomfanget på straumnettet til Sognekraft vart omfattande.

Takka vera stor innsats frå svært mange – eige mannskap, innleigde entreprenørar og einskildpersonar og bygdelag som har stilde opp på dugnad – greidde vi å reparera mykje på kort tid. Difor fekk mange av kundane våre att straumen raskare enn vi ei stund hadde grunn til å frykta.

Vi vil nytta høvet til å takka alle straumkundane våre for tolmodet dei har vist i denne ekstreme situasjonen.


Sjå også kva media skreiv om stormen:

Sognekraft © 2010