
Adm. direkør Terje Bakke Nævdal (tlf. 91181056) er selskapet sin pressekontakt.
Under finn du nyheiter og anna nyttig informasjon knytt til selskapet sin aktivitet.
Pressemeldingar
Tilleggsrapportane for Leikanger kraftverk er ferdige (14.7.2011)
Multiconsult AS konkluderer med at flytting av vatn frå Henjaelvi og Grindselvi til Suppam ikkje vil påverka Sognefjorden og dei kvalitetane som låg til grunn for forslaget om å oppretta eit marint verneområde i Sognefjorden. - Eg er veldig glad for at tilleggsrapportane no er ferdige, og at dei kan oversendast NVE. Realiseringa av Leikanger kraftverk er eit langt steg nærare, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.
I den fyldige rapporten frå Multiconsult vert det elles konkludert med at massedeponiet som er planlagt i Sognefjorden som følgje av kraftutbygginga, ikkje vil ha konsekvens for Sognefjorden som kandidat til marint verneområde. Rapporten frå Multiconsult heiter ”Verknad for miljø og brukarinteresser av endra ferskvasstilførsel og etablering av massedeponi i Sognefjorden”, og er eit tillegg til rapporten ”Konsekvensutredning for Leikanger kraftverk, Leikanger kommune. Ferskvassøkologi” utført av Rådgivende Biologer AS i 2008. Føremålet med rapporten frå Multiconsult var å oppsummera verdiar og kvalitetar knytt til naturressursane innanfor det marine influensområdet til Leikanger kraftverk. Denne informasjonen vil bidra til at omsynet til naturressursane vert innarbeida i den vidare prosessen, og at ein i størst mogleg grad vel løysingar som tek vare på desse ressursane for ettertida.
Det var NVE som stilte krav om supplerande undersøkingar av konsekvensane for marine forhold, der oppdraget til Multiconsult v/marinbiolog John Alvsvåg var å greia ut verknader for miljø og brukarinteresser av endra ferskvasstilførsel til fjorden. - Det er sjølvsagt svært gledeleg at det vert konkludert slik vi har hevda frå vi søkte om konsesjon, at utbygginga av Leikanger kraftverk vil ha små konsekvensar for det marine miljøet i Sognefjorden, seier Terje Bakke Nævdal. Skal Noreg nå dei ambisiøse måla sine om utsleppsreduksjonar for CO2, må det satsast mykje sterkare på fornybar energi framover. Kraft frå vatn og vind er dei reinaste energiformene som finst, og såleis er utbygginga av Leikanger kraftverk ei framtidsretta og miljøvennleg satsing. - Dei grøne sertifikata gjer at prosjektet er realistisk med tanke på gjennomføring og inntening, seier Terje Bakke Nævdal.
Sognekraft vil etter sommarferien be inn til eit folkemøte i Leikanger der selskapet informerer om Leikanger kraftverk og tilleggsrapportane som no er sendt over til NVE. - Vi pliktar ikkje å gjennomføra eit slikt møte, men vi vil at innbyggjarane i Leikanger skal få stilla spørsmål og få svar på det dei lurer på i denne saka. Det er viktig for oss å få ut korrekt informasjon om utbygginga, ei utbygging vi meiner er eit gode både for grunneigarane, Leikanger kommune og Sognekraft, seier Bakke Nævdal. Tidspunkt for møtet vil verta annonsert i god tid i Sogn Avis og på Sognekraft sine nettsider.
På www.sognekraft.no kan ein lesa alle tilleggsrapportane og Sognekraft sine kommentarar. Desse omhandlar kartlegging av karplanter, beitemarksopp m.v. rundt planlagde riggområde og tunnel ved Suppam, supplerande undersøkingar for kartlegging av fiskebestandar, vandringsforhold og gyte- og oppvekstområde. Vidare om Leikanger vassverk - løysingar for å sikre vassforsyning, hydrologiske berekningar - restvassføring i Henjaelvi og kraftleidningar - nettilkopling .
For meir informasjon/intervju, kontakt administrerande direktør Terje Bakke Nævdal, 911 81 056 eller produksjonssjef Jacob Hornnes, 913 40 634.
Sognekraft © 2010