- set krefter i sving

Om Sognekraft > Selskapsinformasjon > Aktuelt >

Elsertifikat for betre klima

Frå 1. januar 2012 vert vi i Sognekraft og du som straumkunde ein del av den nye elsertifikatordninga.

Isolator7883TY

Så kan du spørja kva i all verda dette har med deg som straumkunde å gjera? Svaret er at det frå 1. januar 2012 vert innført eit støttesystem med såkalla elsertifikat som skal auka investeringane i klimavennleg, fornybar kraft i Noreg og Sverige, noko som kjem alle innbyggjarane til gode.

Det overordna målet er å redusera bruken av fossile og ureinande energikjelder – medan ein intensiverer utbygginga av vass-, vind- og biokraftverk.

Elsertifikatordninga er eit marknadsbasert støttesystem som fungerer slik at dei mest kostnadseffektive kraftprosjekta vert bygde ut først. Med eit årleg forbruk på 20.000 kilowattimar vil kostnaden utgjera om lag 120 kroner for hushaldninga di i 2012. I 2020 vil sertifikatkostanden din vera høgare, men då er det også venta at straumkostanden din er lægre. Slik er dette frå styresmaktene meint å vera eit spleiselag mellom straumkundane og kraftprodusentane.

Sognekraft har fleire fornybarprosjekt under utvikling, mellom anna planlagde kraftutbyggingar i Feios, Leikanger og Offerdal og fjordenergianlegg i Sogndal, og slik tek Sognekraft i høgste grad del i det som er ei historisk satsing på fornybar energi.
Innan 2020 skal ordninga utløysa ein samla årleg produksjon på 26,4 TWh i Noreg og Sverige, noko som tilsvarar om lag 10 prosent av dagens energiforbruk i dei to landa.

Ordninga vert innført for å redusera klimautsleppa, og fordi det å byggja ut fornybar kraftproduksjon i dei fleste tilfelle kostar meir enn den prisen produsentane kan få i straummarknaden.


Sognekraft © 2010