I medhald til forskrifta om energiutgreiingar, er alle områdekonsesjonærar pålagt å gjennomføre energiutgreiing kvart andre år for kvar kommune i sitt konsesjonsområde.
Offentleggjeringa av utgreiinga treng ikkje lenger fylgja kalenderåret. I tillegg skal områdekonsesjonæren kvart anna år arrangere energiutgreiingsmøte for kommunane, der også andre interesserte aktørar har høve til å delta. Energiutgreiingsmøtet kan verta arrangert når som helst i toårsperioden, og trenger ikkje å vera knytt opp mot utgreiinga. Dersom områdekonsesjonæren nylig har gjennomført ei oppdatering av den lokale energiutgreiinga, bør presentasjon av denne være eit naturleg innslag på møtet.
Under finner du lokale energiutgreiingar (LEU) som omtalar nosituasjonen for energisystema i kommunane i Sognekraft sitt nettområde (konsesjonsområde). Dette gjeld ikkje berre elsystemet, men også andre typar infrastruktur som er etablert.
Utgreiinga viser kor mye elektrisitet, fjernvarme, olje, gass og biobrensel som nytta stasjonært i kommunane. Dei gir også ein omtale av venta energietterspørsel i kommunen fordelt på ulike energibærarar, og ei vurdering av kva som vert rekna som dei mest samfunnsrasjonelle løysingane for å møte den ventande etterspurnaden. Etablering av denne type faktagrunnlag er viktig for å legge til rette for ei rasjonell utvikling av energisystemet.
Sognekraft rapporterar fortlaupande status for energiutgreiingar i kommunane til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Les meir om utgreiingane ved å følgja linken til dokumentet for kvar kommune
Det vil bli sendt ut invitasjonar til kommunane i samband med presentasjon av energiutgreiingane for 2011.
Kommuane får tilsendt presentsjonane slik at dei kan bruka den internt i kommunen.
Sognekraft © 2010