- set krefter i sving

Om Sognekraft > Selskapsinformasjon > Aktuelt >

Sognekraft på nett att

Dagmar sette sentralbordet og nettsida vår ut av spel.

Det er ikkje berre straumforsyninga som har fått svi for stormen Dagmar sine herjingar. Også telekommunikasjonen vart sett på prøve, og vel så det.

Hjå oss i Sognekraft vart både sentralbordet og internettsidene våre sett ut av spel, noko som var svært utfordrande med tanke på informasjonen vår til deg som straumkunde. Vi fekk etablert eit telefonsystem som fungerte veldig raskt, men grunna fleire fiberbrot har vi hatt langt større vanskar med å få opp att nettsida vår.

Sognekraft må retta ein stor takk til NRK Sogn og Fjordane og Sogn Avis som har sytt for god informasjon til Sognekraft sine straumkundar.


Sognekraft © 2010