Eit trefall førte til straumbrot hjå mange av kundane våre tysdag 3. januar.

Sjølv om Dagmar har roa seg, er det framleis hennar herjingar som gjer nettet vårt sårbart. Der vi vanlegvis har to innmatingar, det vil seia ei reserveløsing som er oppe og går heile tida, har vi i dag berre ei innmating til store deler av straumnettet vårt i Sogn.
Trefallet tysdag ettermiddag, som tok straumen frå dei fleste straumkundane våre i Balestrand, Leikanger og Sogndal i meir enn ein halv time, skuldast tungt snøfall på ei svær gran som truleg var påført skader under Dagmar-stormen.
Vi kan diverre ikkje gje nokon garantiar for at dette ikkje vil henda fleire gonger den nærmaste tida. Mykje skog kring linjene våre er svekka som følgjer av stormen, og oppryddingsarabeidet pågår kontinuerleg.
Einskilde har gått ut og hevda at kraftselskapa ikkje har rydda breie nok linjetrasear, ikkje har rydda nok skog osv. Dette kan nok vera tilfelle einskilde stader, men i bratt vestlandsnatur må ein einskilde stader rydda mest heile fjellsidene om ein skal kunna gardera seg eitt hundre prosent mot trefall og påfølgjande linjebrot. Det er langtfrå fritt fram for eit kraftselskap å rydda skog. Det er grunneigarane som eig skogen og har råderetten over denne.
Sognekraft © 2010