- set krefter i sving

Om Sognekraft > Selskapsinformasjon > Aktuelt >

Reperasjon av straumnettet etter Dagmar sine herjingar

Stormen Dagmar som herja 1. juledag, fekk mange grantre til å velta og nokre av desse fall over og skada både straumnettet og IKT nettet.

Dei fleste kjende feil er no retta, men det kan framleis vere ukjende skadar på nettet som kan opptre i samband auka belastning på nettet. Sognekraft planlegg å termofotografere linjenettet for å oppdage elektriske feil på nettet slik at desse kan verte reparert før dei påfører sluttbrukarar straumutkopling.

På linja mellom Årøy og Leirdøla har vi oppdaga ein fylgjefeil etter stormen Dagmar. Denne feilen ser vi på som så alvorleg at den er planlagt reparert natt til fredag den 20. januar mellom klokka 0 og 04.
Forbruket på nordsida av Sognefjorden må derfor bli forsynt frå Vik over ei linja som nettopp er reparert for dei skadane den vart påført under stormen Dagmar. Som fylgje av enda ikkje gjennomført termovisjonskontroll av denne linja, vert alle straumkundane på nordsida av Sognefjorden varsla om mogeleg utkopling i samband med reparasjonen av linja mellom Årøy og Leirdøla. Vi håpar sjølvsagt på at vi unngår slik utkopling. Men vi kan ikkje utelukke at fylgjefeil etter stormen kan opptre når straumnettet vert hardt belasta.

Sognekraft © 2010