
Årsresultat 2010
Sognekraft avslutta 2010 med solide 42,4 mill. kroner i årsresultat, ein auke på 3,4 mill. kroner frå 2009. Dette gir rom for eit godt utbytte, og heile 30 mill. kroner vert betalt ut som utbyte til eigarane våre.
Årsresultatet i 2010 er det høgaste årsresultatet Sognekraft har oppnådd. Stor auke i kraftprisane førte til reduksjon av forteneste i langsiktige prissikringskontraktar. For selskapet vart dette oppvegd av høge inntekter frå kraftoverføring.
Kraftproduksjonen vart på 370 GWh, som er 19% mindre enn i 2009. Gjennomsnittleg spotpris i Sognekraft sitt prisområde var 41,5 øre/kWh, som er ein auke på 41 % frå 2009.
Det vart transportert ei energimengde på 258 GWh i nettet mot 242 GWh i 2009. Kaldt ver i starten og slutten på 2010 medførte at forbruket auka med 6,6% frå året før.
Siste årsmeldingar:
Sognekraft © 2010