Kundesenteret vårt er ope måndag til fredag frå kl 8.00 til 15.30. Ring oss på 57 69 86 00.
Dei fleste av kundane våre kjem til oss med dei same spørsmåla. Desse kan du finne svar på under. Du kan også kontakte oss via e-post
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Husholdningskundar får straumfaktura annakvar månad, altså seks gonger pr. år. Hyttekundar med forbruk under 8.000 KWh får akontofaktura tre gonger pr år samt ei årsavrekning inkl. akonto 1. kvartal i nytt år. Sognekraft har felles fakturering av både nett- og kraftleveranse.
For at forbruket i avregningsperioden skal bli utrekna korrekt er det viktig at vi mottek målaravlesinga di. Fordeling av forbruket i avregningsperioden er basert på brukarprofilen i Sognekraft sitt nettområde og kvar kunde sitt forventa årsforbruk. For å få ein korrekt straumfaktura med rett pris til rett forbruk må du lese av målaren din på prisendringsdatoane.
Dersom du legg inn målaravlesing på nettet kan du enkelt få opp prøveavrekning for den siste perioden. Du kan finne forbrukshistorikk, tidlegare straumfaktura og gjere endringar på dine kontaktopplysingar som telefon og e-post.
For at ditt forbruk i perioden skal vere så korrekt og reelt som mogleg er det viktig at vi får målaravlesing. Målarstanden er grunnlaget for din faktura.