Til Hovedsiden
Kraftprisar Målaravlesing Di side Kontakt oss

Resultat
Resultat etter skatt for 1. halvår vart på 13,4 mill. kroner. Dette er 6,3 mill. kroner meir enn for same periode i 2008.
Kraftproduksjonen i 1. halvår utgjorde 154 GWh, som er 51 GWh lægre enn produksjonen i tilsvarande periode i 2008 og om lag 25 GWh mindre enn i eit normalår. Revisjon i Vikfalli i 1. Kvartal medførte at om lag 15 GWh vart produsert i slutten av 2008 i staden for i 2009. Mindre snø enn normalt samt ein tørr juni månad medførte av produksjonen i Årøy i mai og juni var mindre enn i eit normalår. Kraftprisane har vore fallande frå eit nivå på 38 øre/kWh i januar til 32 øre/kWh for juni.
Transportert mengde i nettet var på 125 GWh dette halvår mot 127 GWh for same periode i 2008. Sal til sluttbrukarar utgjorde 69 GWh i 1. halvår. Dette er ein reduksjon frå 72 GWh for 1. halvår 2008. Marknadsdelen for sluttbruk i eige nettområde har vore stabilt på 84% målt i tal kundar og 59% målt i kWh gjennom heile 2009.  
Samla omsetning i 1. halvår utgjorde 100,3 mill. kroner mot 76,1mill. kroner i 1. halvår 2008. Drifts­resul­tatet vart på 42,5 mill. kroner, mot 20,3 mill. kroner i 1. halvår i 2008. Auka resultat kjem i hovudsak som følgje av høgare kraftprisar i mai og juni i tillegg til at ein langsiktig kraftkontrakt har terminert.
Det er belasta 10,7 mill. kroner i overskotsskatt og 14,2 mill. kroner i grunnrenteskatt i 1. halvår 2009. 

Balanse
Totalbalansen til selskapet utgjorde 520,9 mill. kroner pr. 30.06.2009, fordelt med 64,4 mill. kroner i omløpsmidlar og 456,6 mill. kroner i anleggsmidlar. Totalbalansen har auka med 15,4 mill. kroner frå årsskiftet, i hovudsak som følgje av investeringar i finansielle anleggsmiddel. Selskapet sin likviditet er tilfredsstillande. 
Rentebærande gjeld har auka med 23,3 mill. kroner sidan årsskiftet. 
Eigenkapitalandelen pr. 30.06.2009 utgjorde 48,2% mot 47,5% ved inngangen til året.
 
Helse, miljø og tryggleik
Sjukefråværet i 1. halvår 2009 var på 6,8%. Dette er ein auke på 3,1% frå same periode i 2008. . Korttidsfråværet er stabilt lågt, men selskapet har hatt fleire tilfelle av langtidssjukemeldte i 2009.  
Det er registrert 25 avvik og uønska hendingar i 1. halvår. Det er ikkje registrert avvik med personskade eller  fråvær.
 
Framtidsutsikter
Selskapet har hovuddelen av produksjonen sin i 2. og 3. kvartal. Kraftprisane i Sør-Norge har vore fallande gjennom sommaren, men ein høg produksjon i juli og august medfører eit godt resultat for 3. Kvartal. Styret forventar eit resultat for 2009 som er noko høgare enn i 2008

Heile rapporten finn du her.

 

<< Tilbake     Skriv ut artikkelSkriv ut side

• Telefon: 57 69 86 00 • Telefaks: 57 69 86 10

• Postadresse: Postboks 3, 6891 Vik i Sogn