Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Leiar nettutvikling

Leiar nettutvikling

Bygg det framtidige straumnettet!

Sognekraft produserer, overfører og sel energi. Selskapet eig og driv vasskraft med ein årleg produksjon på vel 570 GWh, samt eit fjordenergianlegg. Vidare eig, driftar og forvaltar selskapet regional –og distribusjonsnett på 1872 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Frønningen i Lærdal kommune.

Vi har for tida høg aktivitet med store nettutbyggingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå. Vi søkjer erfaren, initativrik og resultatorientert elkraftingeniør med leiarerfaring og prosjektkompetanse innanfor høgspentanlegg, til å leie avdelinga for nettutvikling. Stillinga rapporterer til nettsjef, som er leiar for nettseksjonen.

OPPGÅVER OG ANSVAR

  • Overordna utvikling og forvaltning av regional -og distribusjonsnettet til Sognekraft
  • Utgreiing, planlegging og prosjektering av nettprosjekt på regional
    -og distribusjonsnett
  • Personal, budsjett og resultatansvar
  • Forvaltning av nettinvesteringsportefølja
  • HMS-ansvar og oppfølging av lovpålagte kompetansekrav
  • Skape godt forhold mellom partnarar/kundar og Sognekraft

KVALIFIKASJONAR

  • Elkraftkompetanse på nivå master/sivilingeniør eller liknande
  • Erfaring og kompetanse innanfor utvikling -og prosjektering av elektriske høgspentanlegg
  •  Fortrinnsvis leiarerfaring
  • Kompetanse innan HMS og gode leiar- og samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg

 PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Løysningsorientert og motivert for ein travel kvardag
  • Gjerne god forhandlingsevne og forretningssans

VTILBYR

  • Spennande utfordringar i eit stort ansvarsområde med handlingsrom
  • Leiaransvar for eit dynamisk, kompetansesterkt, inspirerande og uformelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løn- og forsikringsvilkår

Kontorstad i Vik eller Sogndal.

For meir informasjon ta kontakt med nettsjef Stian Frøiland på tlf. 459 70 616

Send søknad og CV til jobb@sognekraft.no 

Dato 02.06.2017

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.