Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Driftsingeniør kraftproduksjon

Driftsingeniør kraftproduksjon

Fornybar energi og digitalisering er framtida!

Sognekraft produserer, overfører og sel energi. Selskapet eig og driv vasskraftproduksjon med ein årleg produksjon på vel 590 GWh, samt eit fjordenergianlegg. Vidare eig, driftar og forvaltar selskapet regional– og distribusjonsnett på 1872 km og eit omfattande fibernett.  Vår produksjonsavdeling i Vik forvaltar vasskraftproduksjon både for eigne og deleigde kraftverk. Vi har høg aktivitet og ei rekkje nye kraftverk under bygging. Vi søkjer derfor etter ny medarbeidar innafor drift, planlegging og optimalisering av kraftproduksjon.

Oppgåver og ansvar

  • Dagleg produksjonsplanlegging og hydrologisk analyse
  • Drift og datahandsaming frå meteorologiske og hydrologiske målestasjonar
  • Drift og vedlikehald av IKT- fagsystem
  • Utvikle løysingar innafor digitalisering, som IIoT og maskinlæring

Kvalifikasjonar

  • Bachelor innan elkraft, elektro eller automasjon
  • Gjerne kjennskap til programmering og bruk av dataverktøy då Sognekraft utviklar eigne integrasjons- og dataløysingar
  • Praktisk erfaring kan erstatte formell kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Evne til å setje seg inn i ny teknologi
  • Interesse for å utvikle framtidsretta løysingar
  • Gode kommunikasjons -og samarbeidseigenskapar

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass i ei bedrift i vekst
  • Kompetansesterkt, inspirerande og uformelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løns- og forsikringsvilkår

Ta kontakt med produksjonsingeniør Jostein Orvedal på tlf. 469 20 848 eller produksjonssjef  Jacob Hornnes på tlf. 913 40 634 dersom du har spørsmål.

Send søknad og CV til jobb@sognekraft.no så snart som råd eller innan 16. april 2018.

Dato 21.03.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.