Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Driftsingeniør, stasjonsanlegg

Driftsingeniør, stasjonsanlegg

Bli med på laget!

Sognekraft produserer, overfører og sel energi. Selskapet eig og driv vasskraftproduksjon med ein årleg produksjon på vel 608 GWh, samt eit fjordenergianlegg. Vidare eig, driftar og forvaltar selskapet regional– og distribusjonsnett på 1872 km samt eit omfattande fibernett. Konsesjonsområdet omfattar kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal samt Frønningen i Lærdal kommune.

Vi har for tida høg aktivitet med store nettutbyggingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå (132, 66 og 22kV), samstundes som vi skal forvalte eksisterande nettanlegg på ein god og trygg måte. Vi søkjer derfor etter ny medarbeidar på avdelinga for nettstyring, som blir med og tek vare på eksisterande nettanlegg, samt fylgjer opp bygging av nye anlegg.

OPPGÅVER OG ANSVAR

  • Følgje opp bygging av nye stasjonsanlegg
  • Drift, vedlikehald og beredskap av nettanlegg med vekt på transformatorstasjonar
  • Ansvar for å utarbeide og gjennomføre vedlikehaldsplanar på stasjonsanlegg

KVALIFIKASJONAR

  • Gjerne høgare utdanning innan elkraft
  • Relevant arbeidserfaring med stasjonsanlegg
  • God forståing for digitale verktøy
  • Fagbrev energimontør, elektrikar eller relevant arbeidserfaring

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Strukturert, nøyaktig og legg vekt på kvalitet
  • Likar å jobbe sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Motivert for ein travel kvardag

VI TILBYR

  • Kompetansesterkt fagmiljø i ei bedrift i vekst
  • Inspirerande og uformelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løn- og forsikringsvilkår

Kontorstad i Sogndal eller Vik.

Ta kontakt med avdelingsleiar nettstyring John Kroken på tlf. 90 76 69 94 dersom du har spørsmål.
Send søknad og CV til jobb@sognekraft.no så snart som råd eller innan 10. mars.

Dato 23.01.2019

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.