Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Flaumen på Veitastrond

Sognekraft har ansvaret for å regulera Årøyvassdraget i samsvar med konsesjon gjeve frå sentrale styresmakter. Dette er ei oppgåve vi tek på høgste alvor kvar einaste dag heile året.

I konsesjonen Sognekraft styrer Årøy kraftstasjon etter, og som inneber regulering av Årøyvassdraget, har ein noko som vert kalla høgste regulerte vasstand (HRV) og lågaste regulerte vasstand (LRV). Sognekraft har lov til å demma opp til HRV og tappa ned til LRV. For Veitastrondsvatnet er HRV 170,5 moh og LRV 168,0 moh. I konsesjonsvilkåra heiter det elles at «magasinet tilstrebes fylt til 1. oktober». Med andre ord skal konsesjonseigar syta for fullt magasin innan 1. oktober.

Når vi regulerer Årøyvassdraget tek vi historien med oss. All historie viser at det kjem regn i oktober, ofte mykje, og dette tek vi høgde for. Slik også i år. Som konsesjonær skal vi i Sognekraft ta ansvar for heile vassdraget, frå starten av Veitastrondsvatnet til munninga av Årøyelvi og bruka dei styringsinstrumenta vi rår over til beste for natur og menneske.

Det vert frå einskilde hevda at Sognekraft demmer opp Veitastrondsvatnet til bristepunktet for å tena mest mogleg pengar, og at vi gjer dette utan omsyn til dei som bur kring vatnet. Dette stemmer ikkje.

Det er også dei som hevdar å vita at Sognekraft held att vatnet i det lengste, sjølv når det er meldt ekstreme nedbørsmengder. Slik vart det hevda på sosiale medier i løpet av flaum- og uvêrshelga som råka Sogn denne andre helga i oktober 2018. Sognekraft starta ikkje tapping av Veitastrondsvatnet før fredag 12. oktober, vart det hevda. Og difor var det Sognekraft si skuld at det vart skadeflaum kring Veitastrondsvatnet.

Dette er heller ikkje rett. Sognekraft starta aktivt å sleppa vatn frå Veitastrondsvatnet mange dagar tidlegare, men dette viser ikkje att i Årøyelvi fordi denne nedtappinga naturleg nok skjer frå Veitastrondsvatnet til Hafslovatnet. Gjennom heile oktober har vi drive aktiv nedtapping av Veitastrondsvatnet grunna meldingar om mykje nedbør i form av regn. For å førebyggja flaum som følgjer av nedbør og eventuell smelting greidde vi å redusera vasstanden på Veitastrondsvatnet til 169,38 innan 10. oktober. Kraftig regnvêr dei påfølgjande døgera førte til at både Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet steig, til høvesvis 170,19 (Veitastrondsvatnet) og 168,24 (Hafslovatnet) torsdag 11. oktober, trass aktiv nedtapping frå vår side.

Vi heldt fram med aktiv nedtapping av Veitastrondsvatnet i høve meldingane om kva som venta i helga og vi reduserte vasstanden her til 170,08 fredag 12. oktober, før uvêret verkeleg sette inn. Klokka 12.00 fredag 12. oktober vart det også sleppt vatn direkte i Årøyelva frå Hafslovatnet ved Stupshølen.

Den aktive nedtappinga av Veitastrondsvatnet heldt vi sjølvsagt fram med gjennom heile helga og no i ettertid. Diverre vart det skadeflaum på Veitastrond som følgjer av ekstremvêret gjennom denne andre helga i oktober 2018. Luster kommune vart hardt råka, særleg Mørkridsdalen og Fortunsdalen der folk måtte evakuerast og dyr bergast i land.

Vi i Sognekraft var godt budde på uvêret og skulle greidd å hanskast med både den varsla og den reelle nedbøren som kom, men dei høge temperaturane og den omfattande snø- og bresmeltinga som følgjer av dette kunne diverre heller ikkje vi rå over. Hadde ikkje Sognekraft drive så offensiv og aktiv nedtapping av Veitastrondsvatnet som vi faktisk gjorde gjennom heile oktober fram til ekstremvêret andre helga i oktober, kunne skadeomfanget vorte langt større.

At temperaturane vart såpass høge låg heller ikkje inne i Meteorologisk institutt sine prognosar eller i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine varslingar. Først søndag oppgraderte NVE flaumvarselet sitt for Indre Sogn frå oransje til raudt nivå.

Det vert hevda at Storelvi som munnar ut i Veitastrondsvatnet ikkje har vore større i manns minne enn ho var denne helga, noko som førte til omfattande skadar på veg og bru. Storelvi er ei av mange elvar som munnar ut i Veitastrondsvatnet, og som gjekk over sine breidder denne helga som følgjer av store nedbørsmengder og ekstrem snø- og bresmelting.

Det er trist når menneske vert hardt råka av ekstremvêr og naturhendingar. Klimaekspertar varslar villare og våtare vêr i framtida, og mange meiner denne framtida er her allereie. Særleg på Vestlandet er det spådd våtare og villare vêr. Difor må vi diverre vera budde på fleire og hyppigare situasjonar med ekstremvêr og flaumsituasjonar. Sognekraft vil etter beste evne halda fram med å flaumdempa vassdraga vi har ansvar for å regulera.

Dato 16.10.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.