Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Flaumfaren over i Årøyvassdraget

Torsdag 20. september gjekk vi ut og melde om fare for flaum i Årøyvassdraget grunna vêrmeldingar om ekstreme nedbørsmengder. No er faren for skadeflaum over.

Natt til laurdag 22. september gjekk vasstanden under høgste regulerte vasstand for Veitastrondsvatnet (170,5 moh). Ifølgje verprognosane var det ei stund grunn til å frykta skadeflaum, men lukkelegvis kom det mindre regn enn meldt. I tillegg har vi i Sognekraft sleppt ut så mykje vatn som mogleg etter at verprognosane vart endra til ekstreme nedbørsmengder.

Sognekraft har ansvaret for å regulera Årøyvassdraget i samsvar med konsesjon gjeve frå sentrale styresmakter. Dette er ei oppgåve vi tek på høgste alvor kvar einaste dag heile året.
Vermeldingar er eit av dei viktigaste styringsinstrumenta for Sognekraft og andre vassdragsregulantar. Tidleg i veka vart nedbørsprognosane endra mykje som følgjer av restane frå den tropiske orkanen Helena. Så snart vêrmeldingane tok høgde for dei høge temperaturane og nedbørsmengdene som følgjer av dette uvêret, sette Sognekraft inn tiltak.

Dato 22.09.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.