Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Flaumsituasjonen i Årøyvassdraget

Flaumsituasjonen i Årøyvassdraget

Ekstrem smelting og kraftig nedbør har forverra flaumsituasjonen i Årøyvassdraget.

Det er særleg for Veitastrondsvatnet flaumen no merkast. Søndag 21. juni klokka 11.00 var vasstanden 171,12 moh, det er 62 centimeter over høgste regulerte vasstand (170,50 moh). Vêrprognosane for dei nærmaste dagane tyder diverre på at situasjonen vil forverra seg.

Sognekraft har gjort alt som står i vår makt som regulant for å unngå denne skadeflaumen, og har køyrt med full lukeopning frå Veitastrondsvatnet sidan mars månad. Det vil seia at vi har sleppt ut alt vatn som står i vår makt til å sleppa kan sidan mars.

I sosiale media er det ein del som forklarar flaumsituasjonen med at Sognekraft held att vatn, og at dette er årsaka til flaumen. Dette er så langt frå sanninga som ein kan koma. Det er også ein del som viser til at elvefaret i Årøy ned til Årøy kraftverk har vore turrt tidlegare i sommar, og nyttar dette i argumentasjonen for at Sognekraft ikkje har tappa tilstrekkeleg frå Veitastrondsvatnet.

Det er då på sin plass å minna om at vatnet frå Veitastrondsvatnet har utløp i Hafslovatnet. Det er vatnet frå Hafslovatnet som vert sleppt i Årøyelvi. Smeltevatn og nedbør som kjem i juni, kan heller ikkje sleppast i mai. Så lenge Sognekraft har drive produksjon av fornybar energi frå Årøyvassdraget, har Hafslovatnet aldri hatt vasstand over høgste regulerte vasstand, som er 168, 50 moh.

Sognekraft har strenge konsesjonsvilkår og å retta seg etter i forvaltinga av Årøyvassdraget. I ein flaumsituasjon som den vi opplever no, skal heile vassdraget – frå Veitastrondi til utløpet i Barnsnesfjorden – takast omsyn til med tanke på skadeomfang. Vi følgjer situasjonen frå time til time og gjer vårt aller beste for å redusera skadeomfanget.

Vi i Sognekraft har stor medkjensle med dei som vert råka av skadeflaum. Vi vil også i framhaldet gjera vårt aller beste for å førebyggja slike situasjonar, men naturkreftene let seg ikkje alltid hamla opp med.

Dato 21.06.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.