Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Kraftverk og ny drikkevassforsyning

Steffen Stadheim og verksemda RS Fjellboring er godt i gang med å byggja ny veg framover Henjadalen i Leikanger, på oppdrag frå Sognekraft. Vegbygginga er første steget i arbeidet med å leggja ny drikkevassledning gjennom heile Henjadalen, frå det nye drikkevassinntaket ved Traståni (611 moh) til dagens inntak (168 moh).

I samband med utbygginga av Leikanger Kraftverk gjorde dei folkevalde i Leikanger vedtak om at det skulle etablerast ny drikkevassforsyning i kommunen, som ein del av utbyggingsavtalen med Sognekraft. Det nye inntaket skal etablerast ved elva Traståni, oppstraums inntaket til kraftverket.

Dette inneber omfattande anleggsaktivitet i dalføret frå hausten 2019 og fram til 2021. Det skal leggjast ei strekkje på om lag 7 kilometer med drikkevassrøyr og 2 kilometer med røyr til landbruksvatning. Dette inneber at det skal byggjast ny veg frå stølsområdet Flya og fram til Traståni. Vegtraseen som no vert vert etablert vert også traseen for drikkevassrøyret. Vassrøyret skal gravast ned og dekkast over for å gjera det frostsikkert. Dette vert også eit vern mot eventuelle skred.

  • Eit omfattande og stort arbeid, seier Thorleiv Hurthi, Sognekraft sin byggjeleiar for prosjektet.

Som med det meste av andre store anleggsprosjekt vil området bera preg av svære anleggsmaskiner, skogrydding, sprenging og masseflytting den nærmaste tida.

  • Det vil vera ein periode der dalføret vil bera preg av anleggsaktivitet, men på sikt skal resultat bli bra, seier Hurthi.

Ein om lag 11 kilometer lang tunnel som er under bygging, det som på fagspråket vert kalla tilløpstunnel, skal føra vatnet frå Henjadalen mot vest til Grindsdalen og vidare ned i kraftstasjonen inne i fjellet ved Suppam. Stein frå tverrslaget til denne tilløpstunnelen, skal nyttast til bygginga av vegen og omfylling av røyrgata i Henjadalen.

I tillegg til ny drikkevassforsyning og alt arbeidet det medfører i dalføret, skal det også etablerast bekkeinntak med og utan veg, og det skal byggjast bruer der ein må kryssa elvar og bekkefar.

  • I løpet av 2020 vert det også etablert eit knuseverk framme i dalføret der steinmassar frå krafttunnelen skal gjerast om til pukk og veggrus, seier Thorleiv Hurthi.

Byggjeleiaren presiserer at ålmenta har fri tilgang til Henjadalen gjennom heile anleggsperioden, men ser heilt klart at naturopplevinga kan verta forringa som følgjer av anleggsdrifta det komande året.

  • Vi seier oss lei for dei ulempene byggjeaktiviteten måtte medføra, men på sikt trur eg dette vert veldig bra både med omsyn til god drikkevassforsyning og gode naturopplevingar, seier Hurthi.

Dato 08.11.2019

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.