Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Låge straumprisar, best straum

Sognekraft produserer, leverer og sel den beste straumen! Ein merkeleg påstand, seier du? Det kan kanskje høyrast slik ut, men for deg som bur og lever her i Sogn bør det ikkje vera nokon tvil.

Men først av alt: Sognekraft kan konkurrere med kven som helst av norske straumselskap på pris. Vi har tre ulike produktvariantar du kan velja mellom. Spotprisprodukta (Sognekraft Innkjøpspris, – Marknadspris og – Fornybar) er dei vi tilrår for dei som toler dei store svingingane i straumprisen. Du vert raskt med ned når prisane vert lågare, men er og raskt med opp når dei stiger. Sognekraft Standard er for dei kundane som vil gardera seg mot dei høgste pristoppane, vel vitande om at dei heller ikkje er med heilt ned når prisane er på sitt lågaste. Fastpris er for dei som vil unngå svingingar og ha ein heilt føreseieleg pris, og er villige til å betala ein «forsikringspremie» for å ha dette produktet.

Norske media, både nasjonalt og lokalt, har den siste tida vore opptekne av straumprisane som har vore rekordlåge denne vinteren. Dette er bra, vi er alle forbrukarar og ynskjer å få mest mogleg att for kronene vi brukar. Men diverre har media ein tendens til å trø litt feil på jakt etter gode titlar og saker. Når du samanliknar prisar i butikken, er det viktig at du samanliknar eple med eple, ikkje epleprisen med pæreprisen.

Så når du samanliknar prisane til dei ulike straumsalselskapa opp mot kvarandre, er det viktig at du samanliknar rett. Viss det er fastpris du vil ha, så må du samanlikna dei ulike fastpris-produkta mot kvarandre, det same når det gjeld spot- eller såkalla standardprodukt. Du bør også vera klar over at det er mange som prøver å lura deg, straumbransjen er ikkje betre enn andre i så måte.

Vi har ei rekkje døme på selskap som brukar aggressive telefonseljarar som opererer med lokkeprisar, og som sjeldan eller aldri fortel heile sanninga. Det gode rådet om å lesa det som står med lita skrift må du som forbrukar for all del ta med deg her.

Vi i Sognekraft er for fri konkurranse; vi veit at vi kan konkurrera med kven som helst. Vi har som ein av våre kjerneverdiar at vi skal vera påliteleg. Difor er vi ærlege i vår kommunikasjon. Vi seier ikkje at vi akkurat i dag har den aller beste prisen på straum, men over tid kan vi konkurrera med kven som helst.

Og kva meiner vi med den beste straumen? Sognekraft legg att store verdiar i regionen og lokalsamfunnet kvart einaste år, i form av skattar og avgifter, og ikkje minst ved at vi utviklar regionen vår ved å investera i eitt hundre prosent fornybar energi. Vi brukar fleire millionar kroner årleg på å støtta opp om lokalt organisasjons- og kulturliv. Viss alt dette betyr noko for deg, bør du ikkje vera i tvil om kven som har den beste straumen.

Dato 02.03.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.