Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Mange prøver å lura deg

Mange prøver å lura deg

Det er mange straumseljarar der ute som prøver å lura på deg tilbod som er for gode til å vera sanne. No har Forbrukartilsynet laga ei verstingliste over dei som er best i tjuvtriks-klassen.

Det er Hafslund Strøm som toppar verstinglista til Forbrukartilsynet, med om lag ti prosent av alle klagane tilsynet mottok i 2018. Totalt mottok Forbrukartilsynet 295 klager i fjor som var relaterte til sal av straum.

Dei aller fleste klagene er levert inn på grunn av telefonsal, og at straumsalselskapa strekkjer strikken langt både med omsyn til kva som er lovleg og kva som er sant. Ofte ringjer dei opp kundar og hevdar at dei har eit samarbeid med det lokale kraftselskapet, som til dømes Sognekraft, og prøver å lura deg som straumkunde. Dei serverer med andre ord blank løgn for å lokka deg på tilboda sine, tilbod som oftast vert presentert som mykje betre enn dei er.

Her er dei straumsalselskapa du bør passa deg for, ifølgje Forbrukartilsynet dei som er verstingane i bransjen. Tal klager i 2018 i parantes:

Hafslund Strøm (62), Fjordkraft (33), Norges Energi (30), GNP Energy Norge (28), Agva Kraft (20), Kraft 1 (16), Oslo Kraft (12), Skagerak Energi (10), Akraft (9), Gudbrandsdal Energi (9) og 66 klager fordelt på 34 selskap. Sognekraft har ikkje fått klage på seg, verken i 2018, eller tidlegare.

  • Vi er ærlege i kommunikasjonen vår, også når det gjeld straumprisar. Og vi kan konkurrera med kven som helst når det kjem til pris og kvalitet, seier Trude Undebakke, marknadssjef i Sognekraft.

Det var Europower som først publiserte saka om verstingane i straumsalbransjen.

Dato 11.03.2019

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.