Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
OBS! Nytt flaumvarsel Årøyvassdraget

OBS! Nytt flaumvarsel Årøyvassdraget

Høge temperaturar og meldingar om nedbør gjer at flaumsituasjonen i Årøyvassdraget kan forverra seg i løpet av dei næraste døgera.

Det er særleg for Veitastrondsvatnet ein må bu seg på stigande vasstand. Prognosane frå Meteorologisk institutt fortel om høge temperaturar fram til søndag då det er meldt regn i tillegg. Det er ikkje dei store nedbørsmengdene som er melde, men røynslene våre tilseier at det ofte kan koma meir enn meldt i nedslagsfeltet til Veitastrondsvatnet og Årøyvassdraget.

Sognekraft har gjort alt som står i vår makt som regulant for å unngå skadeflaumen som har oppstått i Årøyvassdraget dei siste vekene. Vi har køyrt med full lukeopning frå Veitastrondsvatnet sidan mars månad.

Sognekraft har strenge konsesjonsvilkår å retta seg etter i forvaltinga av Årøyvassdraget. I ein flaumsituasjon som den vi opplever no, skal heile vassdraget – frå Veitastrondi til utløpet i Barsnesfjorden – takast omsyn til med tanke på skadeomfang. Vi følgjer situasjonen frå time til time og gjer vårt aller beste for å redusera skadeomfanget.

Fredag 26. juni klokka 09.31 er vasstanden for Veitastrondsvatnet 171,48 moh, noko som er 98 centimeter over HRV (høgste regulerte vasstand). For Hafslovatnet er stoda 168,41 moh, noko som er 9 centimeter under HRV.

Vi i Sognekraft har stor medkjensle med dei som vert råka av skadeflaum. Vi vil også i framhaldet gjera vårt aller beste for å førebyggja slike situasjonar, men naturkreftene let seg ikkje alltid hamla opp med.

Dato 26.06.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.