Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Pause i anleggsarbeidet Henjadalen

Sognekraft byggjer ny drikkevassforsyning til innbyggjarane i Leikanger som følgjer av utbygginga av Leikanger kraftverk. No tek vi pause i anleggsarbeidet heile februar og første del av mars.
Vi håpar dette er ei gladmelding til alle friluftsinteresserte som brukar dalføret til trim og friluftsliv, til fots, sykkel eller på ski. Rapportane frå entreprenørane våre er at arbeidet har gått veldig greitt i det tidsvis bratte og trange dalføret, og at dei ligg såpass godt an at dei kan ta ein god vinterpause fram til om lag midten av mars.
Mykje av grovarbeidet med å byggja ny vegtrase og grøft for drikkevassrøyret frå dagens inntak (168 moh) og fram til det nye drikkevassinntaket ved Traståni (611 moh) er no gjort. Når alt arbeidet er sluttført i løpet av 2020, er det lagt ned ei strekkje på om lag 7 kilometer med drikkevassrøyr og 2 kilometer med røyr til landbruksvatning.
Vegtraseen som no vert vert etablert vert også traseen for drikkevassrøyret. Vassrøyret skal gravast ned og dekkast over for å gjera det frostsikkert. Dette vert også eit vern mot eventuelle skred i det skredutsette dalføret.
I tillegg til ny drikkevassforsyning og alt arbeidet det medfører i Henjadalen, skal det også etablerast bekkeinntak med og utan veg, og det skal byggjast bruer der ein må kryssa elvar og bekkefar.
– I løpet av 2020 vert det også etablert eit knuseverk framme i dalføret der steinmassar frå krafttunnelen skal gjerast om til pukk og veggrus, seier Thorleiv Hurthi, Sognekraft sin byggjeleiar for prosjektet.
– Vi seier oss lei for dei ulempene byggjeaktiviteten måtte medføra, men på sikt trur eg dette vert veldig bra både med omsyn til god drikkevassforsyning og gode naturopplevingar, seier Hurthi.
No vert det altså ein liten vinterpause i anleggsaktiviteten, frå starten av februar til midten av mars månad. Den nye vegen som er under etablering, og den tilhøyrande grøfta som er sprengt ut til den nye drikkevassledninga, er ikkje ferdigstilt. Sognekraft sine entreprenørar har prøvd å fylla i og dekka over dei største holene, slik at det skal vera lettare å ferdast her. Ver også obs på skredfare om det skulle koma snø framover.
God tur!

Dato 30.01.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.