Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Vi satsar i Vadheim

Sognekraft kjøper Dyrnesli kraftverk frå AS Vadheim Elektrochemiske Fabriker.

Kraftverket har ein årsproduksjon på nær 50 GWh, noko som tilsvarar årsforbruket av straum til om lag 2.500 husstandar.

– Kjøpet av Dyrnesli kraftverk er i samsvar med ambisjonane våre om å veksa i fylket framover, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.
Det er AS Vadheim Elektrochemiske Fabriker som er seljar av kraftverket i Vadheim i Høyanger kommune. AS Vadheim Elektrochemiske Fabriker starta natriumfabrikk i 1907 og er med det ei av dei eldste industriverksemdene i Sogn og Fjordane. Allereie i 1894 vart det etablert vasskraftverk i Vadheim for å sikre straum til industrireisinga.
– Vi ser fram til å ta stafettpinnen vidare for eit av dei eldste og mest tradisjonsrike vasskraftverka i fylket. Vi vil vere ein utviklingsorientert eigar for Dyrnesli kraftverk, seier Bakke Nævdal.
Handelen er ein av dei største transaksjonane som er gjort i Sogn og Fjordane, men partane vil ikkje offentleggjere kjøpesummen. Forhandlingane mellom AS Vadheim Elektrochemiske Fabriker og Sognekraft har vore pågått ei tid. NK Funds AS har vore rådgjevar for Vadheim Electrochemiske Fabriker i samband med transaksjonen.
I dag framstår Dyrnesli kraftverk som eit solid og godt vedlikehalde kraftverk, der det gradvis er gjennomført omfattande utbetringar og oppgraderingar. Kraftverket disponerer Dyrneslivassdraget som i dag vert drive konsesjonsfritt, då det vart etablert før industrikonsesjonslova vart innført. Middels årsproduksjon er 48,5 GWh. Sognekraft vil no søkje konsesjon for å overta kraftanlegget.
– Eit spennande kraftverk med eit stort utviklingspotensial. Kjøpet er i tråd med Sognekraft sin strategi om å vekse oss større og sterkare på kraftproduksjon, seier Terje Bakke Nævdal.

Dato 06.11.2014

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.