Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Prisnedgang på straum

Sognekraft kan no setje ned straumprisane på standardprodukta våre. Hovudårsaka til prisnedgangen er haustregnet som har ført til at fyllingsgraden i dei norske vasskraftmagasina har gått opp noko.

Når vi skriv andre halvdel av september 2018 er fyllingsgraden i dei norske vasskraftmagasina godt under normalen, men nedbøren dei siste vekene har hjelpt ein god del på stoda etter den ekstremt turre og varme sommaren.

I skrivande stund er fyllingsgraden i norske vasskraftmagasin kring 70 prosent, medan normalen for årstida ligg kring 85 prosent syner tal frå NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat). Ifølgje NVE er det hydrologiske underskotet no nær halvert samanlikna med den turraste perioden i sommar.

Straumrekninga du får frå Sognekraft og andre norske straumleverandørar inneheld tre deler; straum, nettleige og avgifter. Prisane på straumen dette året har vore vesentleg høgare om ein samanliknar med same periode dei siste seks åra, og spesielt i juli då straumprisen i Noreg har vore høgare enn nokon juli-månad tidlegare.

Hovudårsaka til den høge straumprisen er rett og slett vêret. Som dei fleste nok har fått med seg må ein langt tilbake i tid for å finne liknande turkesommar som den vi har hatt i 2018. Dette, saman med marknadssituasjonen, har ført til at vi har fått «vinterprisar» på straumen denne sommaren.

Difor er vi i Sognekraft glade for at vi no kan melde om at prisane på standardprodukta våre vert sett ned.

Det er likevel for tidleg å avskrive varsla om høge straumprisar komande vinter. Framleis er den før nemnde fyllingsgraden langt under normalen, så vêrsituasjonen framover hausten og vinteren vil vere avgjerande i så måte. Mildt og vått er prisdempande, turt og kaldt vil gje høge prisar.

Dato 25.09.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.