Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Sognekraft og Lundin saman om Leikanger kraftverk

Oljeselskapet Lundin vert medeigar i Sognekraft sitt Leikanger kraftverk. Dei to selskapa skal eige kvar sine 50 prosent av kraftverket som startar produksjonen av fornybar energi i 2020. – Eg er veldig glad for at vi har fått Lundin som medeigar i Leikanger kraftverk, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

 

Sognekraft har heile vegen signalisert at selskapet ville ha med seg ein medeigar i Leikanger kraftverk, ei av dei største vasskraftutbyggingane i Noreg i dei siste 10-åra. Salet gjev Sognekraft større handlefridom til å realisere andre potensielle kraftprosjekt verksemda har under utvikling. Det har vore fleire friarar, fordi Leikanger kraftverk vert vurdert som svært solid og framtidsretta, og med eit godt økonomisk potensial.

  • Men det har vore avgjerande å få med ein partner med det same verdigrunnlaget og med eit langsiktig perspektiv på industrielt eigarskap. Dessutan ser eg klare synergiar i å samarbeide tett med eit selskap som Lundin. Vi i fornybarbransjen har mykje å lære av oljesektoren, og eg trur dei har ein del å lære av oss. Slik kan vi spele kvarandre gode, seier Bakke Nævdal.

Oljeselskapet Lundin har aktivitetar innan leiting, utbygging og produksjon på norsk sokkel. Selskapet er kanskje mest kjent for å ha funne gigantfeltet Johan Sverdrup i 2010, eit felt som nettopp vart sett i produksjon.

Ferdig utbygd vil Leikanger kraftverk ha ein årsproduksjon på kring 208 GWh, fornybar energi tilsvarande årsforbruket til meir enn 10.000 husstandar. Noko av det som gjer at Leikanger kraftverk vekkjer merksemd i energibransjen, er 15 kilometer med tunnel. Dette reduserer naturinngrepa og gjer kraftutbygginga mindre synleg.

  • Partnerskapet med Lundin i Leikanger kraftverk, der me eig kvar våre 50 prosent, lettar våre økonomiske plikter. Slik kan vi satse vidare på andre kraftprosjekt i porteføljen vår, noko som er til stor fordel både for Sognekraft som selskap og for lokalsamfunnet, seier Terje Bakke Nævdal.

Avtalen mellom Lundin og Sognekraft, som gjeld i 60 år framover, inneber at det er Sognekraft som administrerer og driftar Leikanger kraftverk.

Advokatfirmaet BAHR og NK Funds har bistått Sognekraft i transaksjonen.

Kontaktperson: Terje Bakke Nævdal, adm. dir Sognekraft – 911 81 056

Dato 31.10.2019

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.