Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Tidenes satsing i Sognekraft

Styret for Sognekraft AS har vedteke utbygging av Leikanger Kraft AS. Satsinga i Leikanger er i storleiken 800 millionar kroner og får ein årsproduksjon på 208 GWh, fornybar energi tilsvarande årsforbruket til meir enn 10.000 husstandar. Sognekraft AS har inngått avtale med KGAL Investment Management GmbH & Co (KGAL) om at dei kjøper Sognekraft AS sitt heileigde dotterselskap Fjærland Kraft AS. Fjærland Kraft AS omfattar seks småkraftverk ved Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune, med ein samla årsproduksjon på omlag 116 GWh.

Salet av Fjærland Kraft AS gjev Sognekraft økonomiske musklar til å byggja ut Leikanger i eigen regi.

 

    – Eg er utruleg stolt over at vi har fått til denne løysinga, som inneber at vi kan setje i gang utbygginga i Leikanger for fullt no i haust. Gjennom vår satsing kring Fjærlandsfjorden og i Leikanger genererer vi aktivitetar for langt over ein milliard kroner, noko som kjem fellesskapen til gode gjennom skatteinntekter og eigarskap. Og produktet er rein fornybar energi, som også framtidige generasjonar får nytte og glede av, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

 

Investeringsvedtaket til styret for Sognekraft AS er startskotet for ei av dei største vasskraftutbyggingane i Noreg i dette tusenåret, og er den største satsinga i Sognekraft-regi sidan utbygginga av Årøy kraftverk. Utbygginga av anlegget er allereie i gang med tilrettelegging for tunnelpåslaget i Grindsdalen.

Salet av dei seks småkraftverka i Fjærland, som er samla i Sognekraft sitt heileigde dotterselskap Fjærland Kraft AS, inneber at Sognekraft skal drifte og vedlikehalde desse kraftverka for KGAL, og at Sognekraft kan kjøpe Fjærland Kraft AS attende etter 25 år.

KGAL gruppa har sitt hovedkontor i Grünwald utanfor München (Tyskland) og er ein leiande uavhengig kapitalforvaltar med totalt EUR 21,5 mrd. i investert kapital frå over 87.000 investorar . Gruppa har som hovudformål å forvalte kapital for institusjonelle investorar og har over dei siste 15 åra investert i fornybar energi som sol-, vind- og vasskraft. Desse investeringane er spreidd over fleire land, som Tyskland, Spania, Italia, Storbritannia, Frankrike, Sverige, Finland og Noreg. Det er forventa at transaksjonen vil fullførast 2. april 2018.

 

Det er DNB Markets og Swedbank som har vært transaksjonsrådgjevarar og bistått i førebuing, marknadsføring og forhandling av kjøpsavtalen, medan BA-HR har stått for det juridiske arbeidet og NK Funds har vore Sognekraft sin økonomiske rådgjevar.

Dato 29.09.2017

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.