Vinn draumedag med Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer!

I 2025 var det Balestrand J10 og G11 som fekk ein draumedag på Fosshaugane Campus dei seint vil gløyme.

Draumedagen er ei heilt spesiell fotballoppleving for eit heldig lag i vår region. Bli med i trekninga!

Sognekraft er stolt hovudsponsor av Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer, og saman ynskjer me å skape gode opplevingar for eit aldersbestemt lag i vår region. Difor inviterer me eit utvalgt aldersbestemt lag i regionen til ein skikkeleg draumedag på Fosshaugane Campus.

Vinnarane får ei oppleveing utanom det vanlege: fotballtrening saman med spelarar frå dame- og herrelaget, omvising i garderoben, tur med Stao no pao-bussen og pizzaservering.

Draumedagen går i år av stabelen det 24. september.

Sjå meir om draumedagen i video:

Meld på ditt lag til Draumedagen

Ønskjer du at ditt lag skal vera med i trekninga ? Då kan du delta i konkurransen ved å sende søknad på e-post til sponsor@sognekraft.no

Det me treng frå deg/dykk er:

  • Namn på laget og kvar de kjem frå
    Skriv kva laget heiter, kva klubb/gruppe de høyrer til, og kvar de kjem frå.

  • Alder og tal personar på laget
    Oppgi alderstrinn og kor mange deltakarar som vil vere med på Draumedagen.

  • Kvifor akkurat de bør vinne Draumedagen
    Fortel kort kvifor laget dykkar fortener / ønskjer denne opplevinga. Det kan handla om samhald, innsats, trivsel, frivilligheit, fotballglede eller noko spesielt laget har opplevd saman.

  • Ein ekstra motivasjon?
    Er det nokon på laget som har ei ekstra fin historie, ein stor fotballdraum eller ein særleg motivasjon til at Draumedagen ville betydd mykje? Det kan vera ein spelar som drøymer om å bli fotballstjerne, ein som verkeleg lever og andar for fotballen, eller eit barn som fortener ei ekstra stor oppleving saman med laget sitt. Det kan òg handle om ein trenar, forelder eller støttespelar som har gjort noko spesielt for laget. Me ønskjer både å høyra og fortelja om menneska bak laget, anten historia handlar om fotballglede, samhald, innsats eller noko meir personleg.

Merk: Ved å sende inn søknad samtykkjer laget til at det kan bli teke bilete og video frå Draumedagen - med alle spelarar, trenarar og støttespelarar som deltek på denne dagen - og at dette kan bli brukt i Sognekraft og Sogndal Fotball sine nyheitskanalar, sosiale medium, samt til pressemeldingar.

Søknadsfrist: 01.september. Vinnaren vert trekt og annonsert fortløpande etter dette.

Lykke til!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Viktig milepæl nådd for Kråkeelvi kraftverk

Neste
Neste

Sjå video og intervju frå første byggjefase av Offerdal kraftverk