Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

E-faktura næring

-aukar effektiviteten og sparar miljøet

Som ein del av satsinga vår på miljøvennlege løysingar, ynskjer vi å få flest mogleg av våre kundar over på elektronisk faktura. Målet vårt er å redusera talet på papirfaktura til eit minimum. EHF, E2B og B2B er format for elektronisk faktura som blir importert direkte inn i rekneskapsprogrammet ditt. Då slepp du registrera bilag manuelt, og betalingsoppdraget blir sendt til banken din i rett tid.  Dei fleste moderne rekneskapsprogram har støtte for EHF eller E2B/B2B. Det er også lurt å bruka eit av desse formata viss du får rekneskapen din ført hjå eit rekneskapskontor. Liste over rekneskapssystem som kan lesa elektroniske fakturaformat finn du her http://www.anskaffelser.no/verktoy/erp-leverandorer 

Sognekraft AS har muligheit til å senda di bedrift elektronisk faktura på fire måtar:

  • E2B format over epost eller ftp/sftp
    • E2B-faktura kjem rett inn i økonomisystemet som ei XML-fil, og vert brukt fortrinnsvis av større bedrifter
    • Fakturaformatet er utarbeidd av sentrale aktørar i næringslivet og er den standarden som til no har størst oppslutning
    • Eit eige IT-prosjekt er nødvendig for å ta i bruk formatet, difor berre lønsamt for bedrifter med store fakturavolum
  • Elektronisk handelsformat – EHF over aksesspunkt
    • Er det nye standardformatet til statlege verksemder. Etter kvart har også andre verksemder teke dette i bruk
  • E-postfaktura
    • Fakturaen får du tilsendt via e-post
    • I e-posten ligg nødvendig betalingsinformasjon smat link til «Di side» for å sjå fakturaen i sin heileheit
    • Kan kombinerast med AvtaleGiro for automatisk trekk ved forfall
  • Elektronisk faktura via nettbank – E2C (eFaktura)
    • eFaktura er elektronisk faktura som kjem inn i din nettbank
    • Detaljert faktura finn de under fakturahotellet
    • Kan kombinerast med AvtaleGiro
    • Kan velje å motta varsel på e-post når ny faktura er tilgjengeleg i nettbanken
    • Dersom de ikkje har AvtaleGiro, må de godkjenne fakturaen før konto vert belasta

Slik kjem du i gang med eFaktura – eFaktura må du bestille i din nettbank på følgjande måte:

Tilbod i nettbanken – Når du betaler ein faktura frå ei bedrift som tilbyr eFaktura, vil du i dei fleste nettbanker bli spurt om du ynskjer å opprette ein eFaktura-avtale. Ved å akseptere tilbodet vert avtalen oppretta, og neste faktura vil då bli sendt elektronisk rett i din nettbank i staden for i posten

Registrer sjølv – Du kan sjølv registrere ein eFaktura-avtale i nettbanken utan å betale ein faktura. Finn fram ein tidligare tilsendt faktura frå bedrifta du ynskjer å opprette eFaktura-avtale med og finn din eFaktura-referanse. Vi har også sendt deg eit brev om eFaktura der eFaktura-referanse står. Logg deg så inn i nettbanken, velg eFaktura i menyen og bruk referansen til å opprette avtale. eFaktura er godt forklart og lett å finne fram til i dei ulike nettbankane

AvtaleGiro – Avtalegiro opprettar og avsluttar du i nettbanken, eller ved å kontakte banken din. Når ein faktura er produsert vert beløp og forfallsdato sendt til banken for automatisk trekk. Du får faktura tilsendt på papir eller elektronisk, som vanleg. For at faktura skal bli betalt må du sjå til at det er pengar på konto den dagen det er forfall.

Gebyr på papirfaktura – Frå 01.06.2014 vart det innført gebyr for papirfaktura på kraftlevering. Dersom du vel elektronisk faktura slepp du gebyret på kr. 39,20 + mva for produksjon og utsending av faktura. Sognekraft AS har innført dette gebyret for å auka effektiviteten, redusera kostnader og spare miljøet.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.