Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

E-faktura privat

-aukar effektiviteten og sparar miljøet

Som ein del av satsinga vår på miljøvennlege løysingar, ynskjer vi å få flest mogleg av våre kundar over på elektronisk faktura. Målet vårt er å redusera talet på papirfaktura til eit minimum.

Vi tilbyr to ulike typar elektroniske faktura:

  • eFaktura
    • eFaktura er elektronisk faktura som kjem rett inn i nettbanken din
    • Detaljert faktura finn du under fakturahotellet
    • eFaktura kan kombinerast med AvtaleGiro
    • Når du inngår avtale om eFaktura kan du velje å motta varsel på e-post når ein ny eFaktura er tilgjengeleg i nettbanken
    • Dersom du ikkje har AvtaleGiro må du godkjenne fakturaen før konto vert belasta

Slik kjem du i gang med eFaktura – eFaktura må du bestille i din nettbank på følgjande måte:

Tilbod i nettbanken – Når du betaler ein faktura frå ei bedrift som tilbyr eFaktura, vil du i dei fleste nettbanker bli spurt om du ynskjer å opprette ein eFaktura-avtale. Ved å akseptere tilbodet vert avtalen oppretta, og neste faktura vil då bli sendt elektronisk rett i din nettbank i staden for i posten

Registrer sjølv – Du kan sjølv registrere ein eFaktura-avtale i nettbanken utan å betale ein faktura. Finn fram ein tidligare tilsendt faktura frå bedrifta du ynskjer å opprette eFaktura-avtale med og finn din eFaktura-referanse. Logg deg så inn i nettbanken, velg eFaktura i menyen og bruk referansen til å opprette avtale. eFaktura er godt forklart og lett å finne fram til i dei ulike nettbankane

  • E-postfaktura
    • Fakturaen får du tilsendt via e-post
    • I e-posten ligg nødvendig betalingsinformasjon smat link til «Di side» for å sjå fakturaen i sin heileheit
    • Kan kombinerast med AvtaleGiro for automatisk trekk ved forfall

AvtaleGiro – Avtalegiro opprettar og avsluttar du i nettbanken, eller ved å kontakte banken din. Når ein faktura er produsert vert beløp og forfallsdato sendt til banken for automatisk trekk. Du får faktura tilsendt på papir eller elektronisk, som vanleg. For at faktura skal bli betalt må du sjå til at det er pengar på konto den dagen det er forfall.

Gebyr på papirfaktura – Frå 01.06.2014 vart det innført gebyr for papirfaktura på kraftlevering. Dersom du vel elektronisk faktura slepp du gebyret på kr. 49,- for produksjon og utsending av faktura. Sognekraft AS har innført dette gebyret for å auka effektiviteten, redusera kostnader og spare miljøet.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.