Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Elsertifikat

Elsertifikat er ei støtteordning for fornybar straum som vart innført 1.1.2012. Styresmaktane har vedteke at straumkundane skal finansiere ordninga over straumrekninga.

For å sikre auka produksjon av fornybar energi har Noreg inngått ein avtale med Sverige om ein felles marknad for elsertifikat. På denne måten vil ein få fram meir kraft som kan bidra til å fase ut fossil energi og dermed redusere utslepp av klimagassar.

Kor mykje kostar dette?

  • Prisen på elsertifikat vert sett i ein marknad og vil endre seg over tid. I tillegg vil kravet om andel sertifikat auke årleg fram mot 2020, for deretter å avta mot 2035. I 2012 var sertifikatkostnaden 0,6 øre/kWh inkl mva, sidan har den stige jamt og trutt og i 2016 var den 2,9 øre/kWh inkl mva. Ved årsskiftet 2016/2017 auka  kravet om andel elsertifikat, medan marknadsprisen på sertifikat gjekk noko ned. Prisen i 2017 var difor uendra på 2,9 øre/kWh inkl mva. Trass i kvoteauke ved årsskiftet 2017/2018 vart sertifikatkostnaden sett ned 1/1- 2018 til 1,9 øre/kWh inkludert mva, grunna ytterlegare nedgong i marknadsprisen. I løpet av 2018 har marknadsprisen auka monaleg, og frå 1/7-2018 vart prisen auka til 3,15 øre/kWh inkl. mva og frå 1/10-2018 ytterlegare opp til 4,625 øre/kWh inkl. mva.
  • Med dagens anslag på elsertifikatkostnad vil den utgjere om lag kr 580,- i 2018 for ein normal hus haldning med 20.000 kWh i forbruk. Kor mykje den årlege kostnaden vert for straumkundane framover, vil avhenge av korleis prisen på elsertifikata utviklar seg vidare.

Korleis forvaltast pengane som forbrukarane betalar?

  • Pengane går til norske og svenske kraftprodusentar og nyttast utelukkande til å finansiere anlegg som aukar den fornybare straumproduksjonen. Dette kan vere anlegg som nyttar til dømes vatn, vind eller bioenergi, men og bølgjer og tidevatn som kjelde.

Kor lenge skal vi betale for elsertifikat?

  • Sertifikatordninga vart innført 1. januar 2012 og vil vare til 31. desember 2035.

Kven er ansvarleg for elsertifikatordninga?

  • Elsertifikatordninga forvaltas av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som er underlagt Olje- og energidepartementet (OED).

Meir informasjon om elsertifikat og NVE sin rolle finn ein her http://www.nve.no/Kraftmarked/Elsertifikater/

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.