Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Spar energi - spar pengar

Spar energi - spar pengar

Ofte er det ikkje så mykje som skal til for å spare både energi og kostnader. Enkelte sparetiltak er mindre grep som kan gjerast kjapt og kostar lite. Andre gongar kan det vere nødvendig med større tiltak som krev investeringar.

 

Her er nokre sparetips:

Les av straumen ofte
Du kan gjerne lese av straumen oftare enn annakvar månad. Då skaffar du deg kontroll på eige forbruk, og slik kan du verte flinkare til å spare både straum og pengar.

Sparedusj
Ved å bytte til sparedusj kan du i følgje Enova spare inn rundt 1000 kroner i året viss du dusjar ti minutt om dagen.

Vatn og matlaging
Om du sparar på vassforbruket, vil du også spare straum. Ikkje kok opp meir vatn enn naudsynt. Bruk lokk når du varmar opp vatnet, og skru ned varmen når det startar å koke.

Lysstyrke på TV og PC
Dei fleste TV-apparat og PCer kjem med full lysstyrke. På dei fleste bileteapparat kan du justere lysstyrken. Sjekk dine innstillingar for å spare straumforbruket. Sjekk om du kan minke lysstyrken og behalde eit bra bilete samtidig.

Bruk av-knappen
Du kan spare straum ved å verte ein bevisst brukar av TV’en. Du kan nemleg sjå dei programma du ynskjer og slå av TV’en etterpå. Husk og å slå av andre elektroniske apparat. Det er mykje energi å spare på å vere aktiv med av-knappen.

A-merka utstyr
Husk å velje A-merka utstyr når du kjøper kvitevarer. Elektriske apparat merkast med bokstavar fra A til G. Kvitevarer med A-merke er dei mest energieffektive.

Anskaff varmepumpe
Med varmepumpe kan du redusere fyringskostnadene dine.

Tidsstyring av varmen
Med tidsstyring kan du spare ved å bruke varme berre når du treng det. Du kan bruke sentralstyring for temperaturkontroll over heile bustaden eller koplingsur for å slå av og på staumen til faste tider.

Senk temperaturen
Du kan spare eit par tusen i året ved å senke temperaturen i huset eit par grader. Dei fleste vil ikkje merke om ein reduserar temperaturen eit par grader.

Skift ut vindauger
Dårlige vindauger står for omlag 40 prosent av varmetapet i bustader. Ved å skifte ut gamle vindauger med nye, eller bruke isolasjonslister, kan du spare fleire tusen i året.

Betre isolasjon
Trekk det langs vindauger, dører og andre stader kan du bruke isolasjonslister. Har du eit eldre hus med dårleg isolasjon i veggane, bør du vurdere etterisolering. Sjekk og om loftet og taket er godt nok isolert.

 

Fleire råd og tips kan du mellom anna få på desse nettstadene:

www.enova.no

www.enok.no

www.enok-senteret.no

www.regnmakerne.no

 

Energimerking

Energimerking er obligatorisk om du skal selje eller leige ut bustaden din. Det er ingen krav til kompetanse for å energimerke eksisterande bustader. Dette kan du gjere sjølv på www.energimerking.no. Logg deg inn med MinID og rapporter opplysningar om bustaden din for å få ein energiattest.

Energiattesten seier noko om energibehovet til bustaden, og kva energikjelder som nyttast til oppvarming. Karakterskalaen går frå A til G, og eit nytt hus vil normalt få ein B eller ein C. Eit godt energimerke aukar bustadens verdi. Ein ny europeisk studie syner at eit trinn opp på energimerkeskalaen aukar salsprisen på bustader med to til fire prosent.

Nye bustader og næringsbygg skal alltid energimerkast av ein ekspert. Ekspertar kan være takstmenn, rådgjevande ingeniørar og andre som dekker dei kompetansekrava som er stilt. Kompetansekrava til ekspertane er definert i forskrifta. For meir informasjon sjå www.energimerking.no.

 

Stønadsordningar

Dersom du skal gjere tiltak i høve til varmestyring eller varmekjelde kan dette falle inn under Enova si stønadsordning for privathushald. Ordninga støttar utvalde tiltak, og det er viktig å søkje før du startar opp. Du finn søknadsskjema og meir informasjon om ordninga på www.enova.no.

Skal du bygge nytt eller rehabilitere? Enova kan gi støtte dersom du vel å bygge eller rehabilitere etter passivhusnorma. Sjekk også www.husbanken.no for meir informasjon om lågenergi- og passivhus.

 

 

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.