Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Spørsmål og svar om straum

Eg skal flytte, kva gjer eg med abonnementet mitt hjå Sognekraft?

Du kan framleis vere kraftkunde hjå Sognekraft sjølv om du flyttar. Kontakt oss på e-post kunde@sognekraft.no eller telefon 57 69 86 00 med opplysningar om bustad du flyttar frå og bustad du flyttar til. NB! hugs å lese av målaren på flyttedatoen.

Kva er diversebeløp på fakturaen?

Diversebeløp kan innehalda renter, gebyr eller ubetalt straumfaktura og vil stå nærmare forklart på baksida av fakturaen.

Kor mange straumrekningar får eg i året?

Husholdning, hytte og fritidshuskundar får straumfaktura annakvar månad, altså seks gonger pr. år. Sognekraft har felles fakturering av både nett- og kraftleveranse.

Når straumprisen blir endra ofte, korleis kan eg vite at straumrekningen min er korrekt?

For at forbruket i avregningsperioden skal bli utrekna korrekt er det viktig at vi mottek målaravlesinga di. Fordeling av forbruket i avregningsperioden er basert på brukarprofilen i Sognekraft sitt nettområde og kvar kunde sitt forventa årsforbruk. For å få ein korrekt straumfaktura med rett pris til rett forbruk må du lese av målaren din på prisendringsdatoane.

Kva vil det sei å bli avrekna etter forbruk?

Din avlesing av målarstanden vert brukt som grunnlag for utrekning av faktura. Fakturering vert gjort på etterskot basert på avlest forbruk.

Kva er fordelen for meg om eg registrerer straumforbruket på internettsidene til Sognekraft?

Dersom du legg inn målaravlesing på nettet kan du enkelt få opp prøveavrekning for den siste perioden. Du kan finne forbrukshistorikk, tidlegare straumfaktura og gjere endringar på dine kontaktopplysingar som telefon og e-post.

Når er fristen for å lese av straumen?

Det er den 1. i januar, mars, mai, juli, september og november.

Kvifor må eg lese av straumen?

For at ditt forbruk i perioden skal vere så korrekt og reelt som mogleg er det viktig at vi får målaravlesing. Målarstanden er grunnlaget for din faktura.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.