Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Kompensasjon ved straumbrot

Sognekraft sine nettkundar kan krevje kompensasjon ved straumbrot over 12 timar.

Kompensasjon ved straumbrot over 12 timar

  • Satsen er 600 kroner dersom ein kunde er utan straum i 12 – 24 timar, og beløpet blir høgare dersom straumen er borte meir enn eitt døgn. Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har innført ordninga.
  • For å få utbetalt kompensasjon etter eit langvarig straumbrot skal kunden sende inn krav til sin nettleverandør.
  • Kravet må vere sendt innan 3 månader etter straumbrotet.

Satsane for utbetalingar er:

  • kr 600 frå 12 til 24 timar
  • kr 1 400 frå 24 til 48 timar
  • kr 2 700 frå 48 til 72 timar
  • +  kr 1 300 for kvar påbegynt 24-timars periode

Dersom straumen kjem og går, vert straumbrotet rekna som samanhengande om straumen er tilbake i mindre enn 2 timar mellom kvart brot.

For fritidsbustad kan eigar ikkje krevje meir i kompensasjon enn det som er forventa årleg nettleige.

Sluttbrukar som har meir enn eit målepunkt får kompensasjon for eit av målepunkta, og det målepunktet som gir grunnlag for den høgaste kompensasjonen.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.