Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Vi hentar energi frå fjorden

Vi hentar energi frå fjorden

Fjordenergianlegget til Sognekraft har levert energi frå fjorden sidan våren 2013. Anlegget er langt på veg eineståande i sitt slag. Sjøvatn vert henta frå 60 meters djupn og varmen i vatnet vert veksla over til ferskvatn i eit vekslarhus på Granden. Sjøtemperaturen på 60 m djupn er 7-8 grader heile året.  Sjøtemperert ferskvatn vert så distribuert til nokre få store energisentralar. I energisentralane er det installert store vatn-til-vatn varmepumper som produserer varmt vatn. Det varme vatnet vert distribuert i isolerte røyr til kundane. Denne løysinga medfører at stamnettet fram til energisentralane har låg temperatur, og kan nytte uisolerte røyr. Det varme vatnet frå energisentralane får lågt energitap då sentralane ligg nær kunden.

Ei full utbygging i to fasar vil kunne gje 15,5 GWh varme og 5 GWh kjøling. I første omgang er fase 1 bygd ut med fylgjande omfang:

    • Sjøvassopptak og vekslarhus på Granden
    • Energisentral på Granden med levering til Sjøkanten
    • Stamnett fram til Fosshaugane Campus med påkoplingspunkt for fase 2 i Fossvegen
    • Energisentral på Fosshaugane Campus
    • Distribusjonsnett på Fosshaugane med levering av energi til Campus, Høgskulebygget, nye Vidaregåande, gamle gymnasbygget og Kvåle skule.

Fase 2 er under utbygging og skal i første omgangs levere energi til Sogndal Helse og Omsorgsenter (SHOS). I tillegg er det lagt til rett for at Sogndal Helsestasjon skal kunne knyte seg til fjordenergianlegget. Ei vidare utbygging av fase 2 vil kunne dekke store delar av sentrum men dette er førebels ikkje vedteke utbygd. Det er også lagt til rette for å kunne levere energi til Shell/Berge/Rema kvartalet.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.