Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Sognekraft sine kraftverk

Sognekraft sine kraftverk

Konsernet Sognekraft AS eig Årøy kraftverk i Sogndal og Dyrnesli kraftverk i Vadheim, er medeigar i Statkraft Vikfalli med 12 % og 10 % av aksjane i Svelgen Kraft Holding AS I tillegg eig konsernet 50 % av aksjane Nydalselva Kraft AS som eig Nydalselva kraftverk og Indrebø kraftverk i Jølster kommune, Steinsvik kraftverk i Volda kommune samt 51,2 % i Sandal kraftverk i Gloppen kommune. Nydalselva Kraft AS har to kraftverk under bygging som vil kome på nett våren 2018. Det gjeld Helgheim kraftverk i Jølster kommune og Timbra kraftverk i Gloppen kommune. Samla produksjon i Sognekraft i 2017 var på 669 GWh.

Utvikling av ny vasskraftproduksjon er den viktigaste satsinga for å oppnå langsiktig verdiskaping i Sognekraft. Det er gjennom dei siste 15 åra lagt ned eit stort arbeid for å sikre konsernet fallrettar og utvikle nye vasskraftprosjekt fram mot konsesjon. Elsertifikatmarknaden som vart etablert i 2012 tilfører kraftproduksjon ekstrainntekter som betrar lønsemda dei 15 fyrste åra etter oppstart. Produksjonen må starte opp innan utløpet av 2021 for å bli inkludert i ordninga. Lang sakshandsamingstid og nye føresetnader som har kome til undervegs, har medført at tidsløpet fram mot 2021 vert stramt.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.