Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Ny vasskraft

Ny vasskraft

Sognekraft skal i løpet av få år utvikle og byggje fleire nye vasskraftverk og meir enn doble dagens produksjon av rein fornybar energi. Satsinga er i samsvar med målet vårt om å vere drivkraft i Sogn. Her følgjer eit oversyn over nokre av kraftprosjekta vi er i gang med:

Leikanger Kraft AS

Tidenes satsing i Sognekraft

Styret for Sognekraft AS har vedteke utbygging av Leikanger Kraft AS. Satsinga i Leikanger er i storleiken 800 millionar kroner og får ein årsproduksjon på 208 GWh, fornybar energi tilsvarande årsforbruket til meir enn 10.000 husstandar. Sognekraft AS har inngått avtale med KGAL Investment Management GmbH & Co (KGAL) om at dei kjøper Sognekraft AS sitt heileigde dotterselskap Fjærland Kraft AS. Fjærland Kraft AS omfattar seks småkraftverk ved Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune, med ein samla årsproduksjon på omlag 116 GWh.

Salet av Fjærland Kraft AS gjev Sognekraft økonomiske musklar til å byggja ut Leikanger i eigen regi.

 

    – Eg er utruleg stolt over at vi har fått til denne løysinga, som inneber at vi kan setje i gang utbygginga i Leikanger for fullt no i haust. Gjennom vår satsing kring Fjærlandsfjorden og i Leikanger genererer vi aktivitetar for langt over ein milliard kroner, noko som kjem fellesskapen til gode gjennom skatteinntekter og eigarskap. Og produktet er rein fornybar energi, som også framtidige generasjonar får nytte og glede av, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

 

Investeringsvedtaket til styret for Sognekraft AS er startskotet for ei av dei største vasskraftutbyggingane i Noreg i dette tusenåret, og er den største satsinga i Sognekraft-regi sidan utbygginga av Årøy kraftverk. Utbygginga av anlegget er allereie i gang med tilrettelegging for tunnelpåslaget i Grindsdalen.

Salet av dei seks småkraftverka i Fjærland, som er samla i Sognekraft sitt heileigde dotterselskap Fjærland Kraft AS, inneber at Sognekraft skal drifte og vedlikehalde desse kraftverka for KGAL, og at Sognekraft kan kjøpe Fjærland Kraft AS attende etter 25 år.

KGAL gruppa har sitt hovedkontor i Grünwald utanfor München (Tyskland) og er ein leiande uavhengig kapitalforvaltar med totalt EUR 21,5 mrd. i investert kapital frå over 87.000 investorar . Gruppa har som hovudformål å forvalte kapital for institusjonelle investorar og har over dei siste 15 åra investert i fornybar energi som sol-, vind- og vasskraft. Desse investeringane er spreidd over fleire land, som Tyskland, Spania, Italia, Storbritannia, Frankrike, Sverige, Finland og Noreg. Det er forventa at transaksjonen vil fullførast 2. april 2018.

 

Det er DNB Markets og Swedbank som har vært transaksjonsrådgjevarar og bistått i førebuing, marknadsføring og forhandling av kjøpsavtalen, medan BA-HR har stått for det juridiske arbeidet og NK Funds har vore Sognekraft sin økonomiske rådgjevar.

 

Leikanger Kraftverk

Sognekraft søkte, i samarbeid med grunneigarane, om å få utnytte vatnet i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune til kraftproduksjon. Konsesjonssøknaden for Leikanger Kraftverk (184 GWh) var på høyring med høyringsfrist i juni 2009. Det vart inngått utbyggingsavtale med Leikanger kommune på bakgrunn av eit positivt vedtak i Leikanger kommunestyre den 9. juni 2009. Sognekraft har, i brev av 18.12.2009 til NVE, gitt svar på høyringsfråsegnene til konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga for Leikanger Kraftverk. Fredag 17. juni vart det ved kongeleg resolusjon gjeve løyve til utbygging av Leikanger kraftverk etter alternativ A, det største utbyggingsalternativet.

Vedlagt finn du konsesjonssøknaden og eit samandrag av konsekvensutgreiinga:

Supplerande undersøkingar

I brev datert 11.05.2010 krev NVE at det vert utført supplerande undersøkingar til eksisterande konsekvensutgreiing for Leikanger kraftverk. Desse utgreiingane og dei ulike fagrapportane er tilgjengelege frå lista under. I tillegg finn du krava frå NVE samt eit samandrag av konklusjonane i rapportane.

 

Feios Kraftverk AS

Sognekraft er største aksjonær i Feios Kraftverk AS. NVE gav, i brev til OED 23. november 2009, ei positiv tilråding for utbygging av Feios Kraftverk. 08. mars 2013 fekk Feios Kraftverk AS konsesjon til bygging av kraftverket. Det vart seinare søkt om planendring samt ny 132 kV linje mellom Feios og Vik og det vart gjeve løyve til dette 20. mai 2016.

Feios kraftverk har ein planlagd årsproduksjon på omlag 92 GWh.

Vedlagt finn du lenk til søknaden, konsesjonen frå 2013 samt løyve til planendringa:

 

Offerdal Kraftverk AS

Sognekraft er største aksjonær i Offerdal Kraftverk AS. Det er planlagt å byggje to kraftverk, eit ved Skogli i Indre Offerdal som nyttar vatnet frå Ytre Offerdalselvi, og eit ved fjorden i Indre Offerdal som vil nytte vatnet frå begge elvane. Dei to kraftverka vil til saman gje omlag 97 GWh ny fornybar energi. Dette er nok energi til å dekke behovet til omlag 5000 norske husstandar.

Offerdal Kraftverk AS sendte søknad om konsesjon til NVE i desember 2011. NVE kom med si tilråding til OED i april 2016 og OED ga konsesjon til bygging i februar 2017.

Vedlagt finn du lenk til søknaden samt konsesjonen frå OED:

 

Seks småkraftverk i Fjærland

Sognekraft har seks småkraftverk under bygging kring Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune. Det er Småkraft AS som byggjer dei seks kraftanlegga for Sognekraft, fleire av dei ved veglause grender. Dei seks småkraftverka vil få ein samla årsproduksjon på 114 GWh.

 

Småkraftverk

Sognekraft satsar òg på utvikling og drift av småkraftverk i vårt nærområde. For tida ligg det inne søknad om konsesjon på 6 småkraftverk med eit samla produksjonspotensiale på 87 GWh.

 

Svelgen Kraft Holding AS

Sognekraft AS stifta i september 2009 selskapet Svelgen Kraft Holding AS saman med SFE Produksjon AS og Tafjord Kraftproduksjon AS. Sognekraft sin eigardel er på 10 %. Svelgen Kraft Holding inngjekk på same tid avtale om kjøp av tidlegare Elkem Energi Bremanger AS, no Svelgen Kraft AS. NVE har tilrådd at Olje- og Energidepartementet gir konsesjon etter industrikonsesjonslova og aksjekjøpet vert fullført når denne konsesjonen er gitt. Gjennom dette eigarskapet disponerer Sognekraft 10 % av ein årsproduksjon på om lag 460 GWh.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.