Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Villare og våtare

Klimaet endrar seg, slik det alltid har gjort. Men no skjer endringane mykje raskare, med varmare hetebølgjer og fleire tilfelle med styrtregn og ekstremnedbør. For oss som regulerer vassdrag medfører dette større utfordringar.

 

Dei siste åra har Sognekraft sett inn ekstra ressurar på førebygging av flaum og ekstreme nedbørssituasjonar. Vi har alltid prøvd å vera føre var, slik at konsekvensane for dei som bur kring vassvegane vi disponerer til utvikling av fornybar energi, ikkje vert skadelidande. I takt med eit klima som endrar seg til det villare og våtare, har Sognekraft rusta organisasjonen for å takla slike klimaendringar.

Vi følgjer vêrmeldingane tett og har eigne planar vi set i verk med ein gong vi kan sjå at det er fare for flaum i eitt eller fleire av vassdraga der vi har kraftverk. I organisasjonen vår har vi også samla oss mykje røynsle kring eigenskapane til kvart av desse vassdraga, som kvar for seg byr på ulike utfordringar i tilfelle flaumsituasjonar.

Årøyvassdraget er det største vassdraget Sognekraft disponerer til kraftproduksjon, med Veitastrondsvatnet, Hafslovatnet og Årøyelvi. Dette vassdraget byr på fleire utfordringar når det kjem til regulering. I nedbørs- og smelteperiodar er det enormt store vassmengder som skal gjennom to trange passasjar; Soget mellom Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet, og Stupshølen frå Hafslovatnet til Årøyelvi. Sognekraft kan regulera vassdraget innanfor strenge rammer, men i ekstreme tilfelle med smelting og/eller nedbør er det ikkje alltid vi har nok verktøy til å hindra flaumsituasjonar.

Særleg er tappekapasiteten frå Veitastrondsvatnet til Hafslovatnet utfordrande i ekstreme situasjonar. Her har vi maksimal tappekapasitet på om lag 150 kubikkmeter vatn i sekundet, medan tilrenninga til Veitastrondsvatnet er over 300 kubikkmeter i sekundet. Med andre ord: I ekstreme situasjonar vert Veitastrondsvatnet tilført meir enn dobbelt så mykje vatn som det let seg gjera å tappa ut.

Same kor mykje føre var vi er, og kor mykje vi opnar lukene vi rår over, er det i ekstreme situasjonar ikkje alltid nok til å hindra skadeflaum. Vi har to grenser å retta oss etter i så måte, høgste regulerte vasstand (HVR) og lægste reulerte vasstand (LVR). Det er med andre ord også ei klar grense for kor mykje vi har lov til å tappa ut frå Hafslovatnet og Veitastrondsvatnet for å førebyggja skadeflaum.

For dei som bur kring vassdraget, er det sjølvsagt fattig trøyst at om ikkje vassdraget var regulert, så ville skadeflaumsituasjonar oppstått langt oftare og med meir alvorlege konsekvensar.  Når ein står midt oppi ein situasjon med skadeflaum som får alvorlege konsekvensar for heimen, med skadar på hus og inventar, er det naturleg at ein stiller spørsmål ved om regulanten kunne gjort noko for å hindra skadeomfanget. Vi prøver heile tida, kvar einaste time året rundt, å gjera det vi kan for å hindra skader som følgjer av ekstrem smelting og/eller ekstrem nedbør.

Som nemnt driv vi nøye overvaking av vassdraga vi disponerer til energiproduksjon. Her er våre eigne overvakingssystem og varsel frå Meteorologisk Intitutt og NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) avgjerande for korleis vi styrer vassvegane vi disponerer. Diverre viser det seg at det er ein svært vanskeleg vitskap å melda ekstremnedbør med god presisjon. Ofte kjem det langt meir nedbør på andre stader enn det varslarane til Meteorologisk Intitutt og NVE hadde sett føre seg. Her i vår region såg vi døme på dette seinast 20. juli i år, då Jølster vart råka av ekstreme nedbørsmengder på kort tid, noko som resulerte i fleire svære jordskred og diverre tap av liv.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.