Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Hjå oss kan du velje 100 % fornybar energi

Hjå oss kan du velje 100 % fornybar energi

Noreg er i ein særstilling når det gjeld fornybar energi. Norsk kraftproduksjon er nær 100 prosent fornybar – og består i all hovudsak av vasskraft. Kvar dag utvekslar vi straum med våre naboland gjennom kraftliner og sjøkabler, og produserar meir fornybar kraft enn vi nytter sjølv. Dei siste ti åra har Noreg i snitt eksportert netto 7,8 TWh (milliarder kilowattimer) straum årleg. Vidare har Noreg og eit stort potensial for å auke bruken av fornybar energi innanfor mellom anna vasskraft, vindkraft og fjernvarme.

Sognekraft produserar utelukkande fornybar energi. I tillegg til at vi produserar rein vasskraft, er vi medeigarar i Vestavind Kraft AS. Vidare har Sognekraft bygget, og driftar, eit anlgg basert på fjordvarme i Sogndal.

Garantert 100 % fornybar

Alle som kjøpar straum frå Sognekraft kan velje å kjøpe garantert 100 % fornybar energi. Alle kraftleverandørar skal informere kundane sine om samansetninga av kjeldene bak leveransane av elektrisk energi føregåande år. Dette kallast ein varedeklarasjon. Sognekraft tilbyr eigen varedeklarasjon, der vi gjennom opphavsgarantiar garanterer kundane at dei berre betalar for straum frå fornybare energikjelder. Ein slik kraftavtale sikrar at det er blitt produsert like mykje fornybar kraft som den kraftmengda kunden brukar. Kundar som ikkje kjøper opphavsgarantert kraft, vert omfatta av den nasjonale varedeklarasjon, som kvart år vert utarbeid av NVE.

Her kan du kjøpe Sognekraft FORNYBAR

 

 

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.