Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Forsking - utvikling

Forsking - utvikling

Forsking, utvikling, ungt entreprenørskap og utdanning

Saman med andre energiselskap i fylket og i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforskning, finansierar Sognekraft eit professorat i fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Forskingsprogrammet ”Fornybar Energi” skaper eit kompetansemiljø for fornybar energi i fylket og byggjer på kunnskap om samfunnsmessige vilkår for auke og bruk av fornybar energi.

Fornybar energi er og tema for eit samarbeid Sognekraft har med Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane, retta mot elevar i vidaregåande skule, ungdomsskule og barneskule.

Sognekraft samarbeidar og med Sogndal vidaregåande skule om undervisningsmateriell og undervisning i elkraftrelaterte fag i tillegg til å tilby lærlingplassar og sommarjobbar.

Saman med Framtidsfylket AS, arbeidar Sognekraft aktivt med å rekruttere ungdom tilbake til vår region, gjennom til dømes deltaking på rekrutteringsmesser på dei større utdanningsstadane som Bergen og Trondheim.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.