Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Lokal medspelar

Lokal medspelar

Sognekraft støttar mangfaldet og breidda innan idrett, kultur, veldedige formål og andre gode tiltak med lokalt engasjement. Vi er opptekne av at Sogneregionen skal vere ein god stad å vekse opp, leve, bu og jobbe i. Vi har derfor tradisjon for å vere ein tydelig aktør i regionen gjennom ved å støtte ulike kultur- og idrettsarrangement, fortrinnsvis retta mot born og ungdom. Vi ynskjer at våre samarbeidspartnarar har verdiar som er i samsvar med vårt verdigrunnlag.

Sognekraft er ein viktig samfunnsaktør og ei drivkraft i Sogneregionen. I meir enn 60 år har selskapet sytt for å byggja ut og vedlikehalde infrastruktur for straum slik at innbyggjarar og næringsliv i heile Sogn har ein sikker straumforsyning. Dei siste åra har ein og sytt for utbygging av infrastruktur til breiband.

Som drivkraft i regionen ynskjer Sognekraft å spele ei sentral rolle i den regionale utviklinga. Selskapet er difor mellom anna initiativtakar eller støttespelar i lokale kraftutbyggingsprosjekt, der grunneigarane kan vere med å realisere utbygging av rein vasskraft.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.