Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Toppsatsing

Toppsatsing

Sogndal Fotball og Fosshaugane Campus

Sogndal Fotball har gått i bresjen for ei utbygging som samlar idrett, forsking og utdanning på Fosshaugane Campus. Dette arbeidet fungerer som ei drivkraft i utvikling av lokalsamfunn, skule og næringsliv i Sogn. Sognekraft støttar dette arbeidet og Sogndal Fotball er Sognekraft sin største enkeltsponsoravtale. Sognekraft er ein av dei største samarbeidspartnerane til Sogndal Fotball og vert godt profilert gjennom den store medieeksponeringa kring fotballflaggskipet i Sogn og Fjordane.

Samspelet mellom topp og breidde er og viktig, og ein ser at når ”toppen” gjer det bra, aukar motivasjonen og rekrutteringa heilt ned i dei yngste årsklassane. Så sjølv om Sognekraft i fyrste rekke prioriterar breidda og dei unge, er Sogndal Fotball viktig.

arrow_green Sogndal Fotball

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.