Ei historie om berekraft

Gjennom generasjonar har tilgang til elektrisitet vore ein grunnstein for samfunnsutvikling i Sogn.

Eventyret Sognekraft handlar om korleis samarbeid på tvers av geografiske barrierar bryt grenser og knyter oss saman.

Det er ei historie om pågangsmot, handlekraft og ei vilje til å leggja til rette for framtidas Sogn.

Dette er historia vår.

Det tidlige 1900-talet

På slutten av 1800- og starten av 1900-talet var det harde levekår for folk flest i Sogn. Ein måtte verkeleg jobba for å få mat på bordet, og ikkje minst for varme i hus.

På denne tida var det svært lite kraft tilgjengeleg i Sogn. Folk flest varma hus og laga mat på andre, meir tungvinte måtar.

Fleire småkraftverk vart sett i drift inn mot starten av 1900-talet, men produksjonane var små og dei aller fleste husstandar var framleis utan elektrisk straum.

Av kraftverka Sognekraft driftar i dag, var Dyrnesli det første som vart bygd tilbake i 1894.

Eit større kraftverk vart bygd i 1907 for å gje energi til produksjon av natrium. Dette vart det første store kraftverket i Sogn som vart utbygt til industrielt bruk.

1913

Det første kraftverket i Vik vart starta i Refsdal i 1913. Vik var då mellom dei første bygdene i gamlefylket som fekk kraft til allment bruk. Frå verket i Refsdal nådde krafta fram til 275 brukarar, som fekk lys i husa sine. Det var primært dette ein kunne nytta elektrisitet til frå kraftverka som var på denne tida.


«Bygden lå som forvandlet under det sterke lys» - Vik Lokalhistoriske Arkiv, 2013.

Fleire møtte opp ved huset til lensmann Anfin Øen for å hylla han, som takk for arbeidet han hadde gjort då el-verket starta opp, 23.november 1913.

1943

Årøy kraftverk kom i drift ved førjulstider i 1943 og kunne forsyna både Hafslo, Sogndal og Leikanger med straum.

For nokre vart dette startskotet for ein ny kvardag.

«Til jul kom det lys og straum. På kjøkenet vart det komfyrar, og bestemor mi, Johanna, tok til tårer, då ho såg føre seg kor lettvint det skulle bli å koka og steika. Mange kjøpte komfyr med magasin, slik at dei kunne lagra varme i dette.»

Vitnebeskrivelsar, Årøy.

1947

Framleis var det mangel på ei tilfredstillande kraftforsyning i store delar av Sogn. 14. mars 1947 gjekk difor kraftlag og kommunar i midtre og indre Sogn saman og L/L Sognekraft vart skipa.

Målet var klart: Å syta for elektrisk kraft i distriktet ved leige, utbygging og samkøyring.

Avgjerdsla om å skipa Sognekraft skulle visa seg å verta eit sentralt bidrag for samfunnsutvikling i Sogn.

Bygging av linjer og nye kraftverk for å betre straumforsyninga tok rask til.

1955

I 1955 vart Sognefjordspennet, det som då vart verdas lengste kraftleidningsspenn, bygd.

Kraftleidningsspennet vekte stor nasjonal og internasjonal interesse.

Med eit spenn på om lag 5. 000 meter, frå Ramnaberg på sørsida av Sognefjorden til Fatlaberget på nordsida, sørga spennet for nye moglegheitar for kraftoverføring på tvers av regionen.

Dette gav eit heilt anna utgangspunkt for industrielt samarbeid og samfunnsutvikling i Sogn.

1958

Eit merkeår

Refsdal kraftverk vart sett i ordinær drift og kunne levera kraft til leidningsnettet.

Dette gav meir stabil sjølvforsyning straumforsyning til fleire bygder som ikkje hadde hatt dette tidlegare, til dømes i Feios og Fresvik, men og til nordsida av fjorden og heilt inn i Jostedalen.

No var store delar av forsyningsområdet til Sognekraft forsynt med straum. Dette vart markert med ein stor lysfest i Vik laurdag 22. februar.

Skilnaden vart stor for folk som no hadde tilgang til meir stabilt med straum. Husa lyste opp og folk kunne ta i bruk vaskemaskin, strykejern og elektrisk komfyr.

«Det var nesten var ein ubegripeleg framgang då straumen kom. Me var ikkje vande med så mykje lys. I ettertid er det mest så ein ikkje veit korleis ein klarte seg før.»

Vitnebeskrivelsar, Jostedal.

«Eg hugsar frå mine tidlige leveår på Julafta, då folk brukte for mykje straum forsvann ofte straumen. Plutseleg vart pinnekjøtet halvkokt. Dette skjedde fleire gonger før straumen kom frå Refsdal. Då endra det seg.»

Vitnebeskrivelsar, Vik.

1967 til 1969

Refsdal kraftverk vart utvida, samstundes som at Hove kraftverk og Målset Kraftverk vart sett i drift, alle tre som ein del av «Vikfalli».

Då siste kraftutbyggingi var ferdig, gav det moglegheit for nye arbeidsplassar og Vik Verk vart opna i 1968. Bedrifta som produserar rekkverk, skilt, snøskjermar og andre produkt i aluminium har på det meste hatt 220 personar i arbeid.

1970-talet

Etter at A/S Årøy vart slege i saman med Sognekraft, følgde mange lokale kraftlag etter og fusjonerte med selskapet. Eit endå meir spissa interkommunalt samarbeid var i gong.

1983

Årøy kraftverk del to vart bygd, inn i fjellet. Dette sørga mellom anna for kraftforsyning og sikring av industriproduksjon til Årdal og Sundal verk med ein 25-årig avtale.

Sognekraft vart med oppgraderinga av Årøy ein solid regional bidragsytar med kring 450 Gwh i årleg produksjon.

2005

Sognekraft sette i verk ein ny og offensiv strategi. Med visjonen «Drivkraft i Sogn» tok Sognekraft sats mot å vera ei regional berebjelke for samfunnsutvikling og verdiskaping.

Ein skulle den kommande tida investera milliardar i å auka kraftproduksjon og oppgradera linjenettet.

2007

Sognenett vart oppretta med formål om å sikra fiber til innbyggjarane i heile Sogn.

Sognenett starta i 2009 utbygging av fibernett til folket. Fiber til den første private utbygginga i Sogn vart levert til Solvorn.

Bilete frå signering av nytt eigarskap i 2013:
Med Sognekraft som majoritetseigarar var Sognenett 100 prosent eigd av E-verka i Sogn, og vidare satsing var sikra.

I 2012/13 tok ei storstilt fibersatsing til med mål om å sikra digitale breibandstenestar med høg dekningsgrad til ulike krikar og krokar i regionen.

2011

I 2011 bygde Sognekraft eit fjernvarmeanlegg i Sogndal basert på fjordvarme som vert henta frå 60 meters djupn i Sogndalsfjorden.

Anlegget har dei siste ti åra levert fornybar energi til fleire sentrale aktørar i Sogndal, og har mellom anna vore eit viktig bidrag til at Fosshaugane Campus kan vera den regionale utviklingsarenaen den er i dag.

I starten leverte anlegget fornybar energi til Fosshaugane Campus, Statsbygg sitt høgskulebygg, Kvåle skule og Fjordlinje Eigedom sitt nybygg på Sjøkanten. Seinare er det inngått nye avtalar med med Sogndal kommune for helse- og omsorgssenteret, legesenteret og barnehagen på Foss. Ein har også leveransar til fleirbrukshallen på Fosshaugane, Quality Sogndal Hotel og Lerum brygge. Eit viktig bidrag til ein meir berekraftig elektrisitetsforbruk hjå kundane som er tilkopla.

2016

Sognekraft sette i gong den til då største og mest omfattande småkraftutbygginga gjennomført i landet, langs Fjærlandsfjorden. I alt seks kraftverk vart bygd med ein samla årsproduksjon på over 100 GWh.

Småkraftverka i Fjærlandsfjorden vart selt til Clemens Kraft i 2018, og salet vart til dels nytta som middel for å kunne finansiera bygging av Leikanger kraftverk.

Sognenett starta bygging for å etablera to eigne separate føringsvegar for breiband mellom aust og vest. Dette for å sikra eit robust nett med god tilførsel og fleire sikringsvegar.

Sommaren 2022 vart linje nummer tre tatt i bruk, noko som sikra ei internett-tilførsel heilt i landstoppen.

Gode sikringsvegar for breiband vert stadig viktigare i ein aukande digitalisert kverdag, men også som følgje av stadig meir ekstremvêr.

2017

Bygging av Leikanger kraftverk tek til. Med totalt 9 elveinntak og eit fall på 595 meter, produserer kraftverket som stod klar for full drift i 2021, 208 GWh årleg.

Leikanger kraftverk er eit stort og viktig bidrag til det grøne skiftet i Sogn.

2021

Sognekraft vart omdanna til konsern.

Nettseksjonen til Sognekraft gjekk saman med nettseksjonane frå Aurland Energi og Lærdal Energi og danna Sygnir - eit dotterselskap i Sognekraft.

Sognekraft i vekst med nye tilførslar frå både Aurland og Lærdal, i Sygnir-uniform.

Sognenett, Sognekraft fiber og Sognekraft produksjon = Andre dotterselskap i konsernet.

2022

Sogn Utvikling vart skipa i samarbeid med eigarkommunane Luster, Sogndal og Vik, med formål om å sikra areal og vera med på å leggja til rette for framtidig grøn industri i sogn.

2023

Feios Kraftverk er nok eit viktig bidrag til det grøne skiftet, og var i 2023 det største kraftverket med byggjestart over heile landet.

Bygging av Feios kraftverk vart sett i gang. Kraftverket vil gje ein samla årsproduksjon på 98 GWh når det skal stå klart i 2026.

Sygnir bidreg med å leggja til rette til det grøne skiftet ved å klargjera linjenettet i Sogn for framtida.

Samstundes vert det sørga for at folk har straum i stikk-kontakten i heimen.

Sygnir tok over eit viktig tilknytingspunkt med ny transformatorstasjon i Fonndøla med 132-kV kapasitet.

Også i andre delar av konsesjonsområdet vart prosjekt fullført, som oppgradering av linjer i Lærdal, og i området mellom Leikanger og Suppam.

Sognenett IT vart skipa for å gje eit betre og meir lokalt IT-tilbod til bedrifter i Sogn.

Med eit tosifra tal tilsette var Sognekraft-konsernet oppe i 160 tilsette, tilnærma ei tredobling sidan 2005.

Ei berekraftig framtid

I over 75 år har Sognekraft vore ein fundamental aktør for samfunnsutvikling i Sogn.

Me jobbar kvar dag for å sørga for ei berekrafig utvikling av ein region midt i det grøne skiftet.

Historia om vår berekraftsreise har framleis god plass til fleire kapittel.

Me skal me halda fram med å driva fram vekst utvikling i framtidas Sogn - ei framtid basert på berekraft.

Me gjer det ikkje for moro skuld, me gjer det fordi Sognekraft er: Drivkraft i Sogn.

Sognekraft
Drivkraft i Sogn