Ei historie om samfunnsutvikling
Vår historie handlar om korleis samarbeid på tvers av geografiske barrierar bryt grenser og knyter oss saman.
Våre berekraftsmål
Våre berekraftsmål er valgt av våre tilsette, eigarar, leiarar og andre interessentar som ramme for det vidare arbeidet med berekraft.
Saman mot ei berekraftig framtid
Sognekraft er ein sentral pådrivar for vekst og utvikling i regionen. Med utvikling av framtidsretta infrastruktur og fornybar energi som våre kjerneverksemder bidreg me til verdiskaping og ei meir levedyktig framtid.
Saman skapar me ein betre morgondag. Ikkje berre for oss sjølve, men også for dei som kjem etter.
Berekraftsrapport
Sognekraft utviklar årleg ein berekraftsrapport. Denne er frivillig og baserer seg på VSME-standarden, som bygger på EU sin ESRS-standard.
Openheitslova
Openheitslova (LOV-2021-06-18-99) skal fremje verksemders respekt for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Lova skal og sikra allmenta tilgang til informasjon om korleis verksemder varetek slike rettar.
Aktsemdsvurderingar
Som ledd i dette skal verksemder som er underlagt lova gjennomføra aktsemdsvurderingar. Dette er ein stegvis prosess for å kartleggja, førebyggja, gjera greie for og følgja opp korleis verksemda handterer vesentlege negative konsekvensar/risiko for nemnde rettar.
Varetaking av menneskerettar og anstendige arbeidsforhold er viktig! Det er difor lagt ned eit stort arbeid i Sognekraftkonsernet med å gjennomføra slike aktsemdsvurderingar.
Aktsemdsvurderingane inngår i utgreiingar som ein finn vedlagt under kvart selskap:
-
Sognekraft AS er morselskapet i Sognekraftkonsernet og har sjølvstendig rapporteringsplikt etter lova. Selskapet si utgreiing finn du her.
-
Sognekraft Produksjon AS inngår i Sognekraftkonsernet og har sjølvstendig rapporteringsplikt etter lova. Selskapet har ikkje ei eiga nettside, og selskapet si utgreiing finn du difor her.
-
Leikanger Kraft AS er 100 % eigd av Sognekraft Produksjon AS. Selskapet har sjølvstendig rapporteringsplikt etter lova. Selskapet har ikkje eiga nettside, og selskapet si utgreiing finn du difor her.
-
Eventuelle spørsmål til korleis eitt eller fleire av verksemdene handterer faktiske og potensielle negative konsekvensar kan sendast til: [e-postadresse]. For eventuelle spørsmål som angår nettselskapet Sygnir AS vert det elles vist til Sygnir si nettside: www.sygnir.no.
Samstundes minnar me om at eit eventuelt krav om informasjon kan avslåast av følgjande grunnar som nemnt i Åpenhetsloven § 4. Lova er å finne her: https://lovdata.no/pro/#document/NL/lov/2021-06-18-99/%C2%A76
Etiske retningslinjer for leverandørar
I Sognekraft-konsernet verdset me tillitsbaserte samarbeid med partnarar som delar våre verdiar og forpliktingar til grunnleggjande menneskerettar og etisk praksis.
Klikk på denne lenka for å lese meir om Sognekraft sine etiske retningslinjer for leverandørar.