Me set krefter i sving

Sognekraft AS vart skipa 14. mars 1947 av kommunar og kraftlag i midtre og indre Sogn for å betra kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv i bygdene i Sogn.

 

Organisasjon

Sognekraft er organisert som eit konsern med Sognekraft AS som morselskap. Her finn du oversikt over alle selskap i konsernet, og selskap me har eigardel i.

 Konsernleiing & eigarar

Styret har åtte medlemmer. Seks frå eigarane, der to er frå Eviny AS, fire frå kommunale eigarar og to arbeidstakarrepresentantar.

 Finansiell informasjon

Fornybar energi gjev lønsam vekst og utvikling for eigarane og lokalsamfunnet.

Kontakt oss

Ring oss eller send e-post.

Ung gut som jobbar ute om vinteren.
 

Kjerneverdiar

Sognekraft sitt verdigrunnlaget er ei rettesnor for å driva selskapet fram mot visjonen og fungerer som spelereglar for korleis tilsette og selskapet skal opptre.

 
  • Tryggleik for liv og helse har alltid første prioritet. Me er i ein bransje der feilvurdering av mekaniske og elektriske krefter kan få alvorlege konsekvensar.

  • Trivsel på jobb skapar godt arbeidsmiljø og god produktivitet.

  • Sognekraft er påliteleg. Me skal halde det me lovar, levera til rett tid og med rett kvalitet.

  • Med visjonen drivkraft i Sogn er selskapet nyskapande. I Sognekraft er det rom for kreativitet og me torer å satsa.