< SOGNEKRAFT PRODUKSJON 

Villare og våtare

Sognekraft set alltid inn ressursar til førebygging av flaum og ekstreme nedbørssituasjonar, dersom vêrvarslingane tilseier dette.

  • Klimaet er i stadig endring. No skjer endringane raskare, med varmare hetebølgjer og oftare ekstremnedbør enn tidlegare. Sognekraft har rusta organisasjonen for å takle slike klimaendringar. Me følger vêrmeldingane og har planar me set i verk når vi ser at det er fare for flaum i eitt eller fleire av vassdraga der vi har kraftverk. Me har mykje erfaring om at kvart av vassdraga byr på ulike utfordringar i tilfelle flaumsituasjonar.

    Me gjer til ein kvar tid det me kan for å minimere konsekvensane for dei som bur kring vassvegane me disponerer til utvikling av fornybar energi, slik at ein ikkje vert skadelidande.

  • Årøyvassdraget er det største vassdraget med Veitastrondsvatnet, Hafslovatnet og Årøyelvi. Vassdraget er utfordrande å regulere. I nedbørs- og smelteperiodar er det enormt store vassmengder som skal gjennom to trange passasjar; Soget mellom Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet, og Stupshølen frå Hafslovatnet til Årøyelvi.

    Sognekraft regulerar vassdraget innanfor strenge rammer, men i ekstreme tilfelle med smelting og/eller nedbør er det ikkje alltid me har nok verktøy til å hindra flaumsituasjonar.

  • Tappekapasiteten frå Veitastrondsvatnet til Hafslovatnet er utfordrande i ekstreme situasjonar. Maksimal tappekapasitet er på om lag 150 kubikkmeter vatn i sekundet, medan tilrenninga til Veitastrondsvatnet kan vere over 300 kubikkmeter i sekundet. I ekstreme situasjonar vert Veitastrondsvatnet tilført meir enn dobbelt så mykje vatn som det er mogleg å tappa ut. Same kor mykje føre var me er, og kor mykje me opnar lukene me rår over, er det i ekstreme situasjonar ikkje alltid nok til å hindra skadeflaum.

    Me har to grenser å rette oss etter, høgste regulerte vasstand (HVR) og lægste regulerte vasstand (LVR). Det er klar grense for kor mykje me har lov til å tappa ut frå Hafslovatnet og Veitastrondsvatnet for å førebygge skadeflaum.

    Me følger vassdraga våre med eigne overvakingssystem, og varsel frå Meteorologisk Intitutt og NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) er avgjerande for korleis me styrer vassvegane. Det er svært vanskeleg å melde ekstremnedbør med god presisjon. Om ikkje vassdraget var regulert ville skadeflaumsituasjonar oppstått oftare og med meir alvorlege konsekvensar.