280 søkte - desse fire er klare for Camp Sognekraft 2026

Camp Sognekraft har på kort tid etablert seg som eit unikt og attraktivt sommarjobbtilbod for studentar som ønskjer erfaring frå fornybarnæringa og innsikt i kraftsystemet. Frå 203 søkjarar i fjor til 280 i år – konkurransen om dei fire plassane har berre vorte tøffare, og no er dei fire deltakarane til neste års Camp Sognekraft klare.

– Det har vorte gjennomført ein grundig prosess der me no står att med fire solide søkjarar som skilte seg ut både fagleg og personleg. Me trur dei kjem til å jobba godt saman som team og få ein produktiv og unik sommar hjå oss i Sognekraft-konsernet, seier prosjektleiar Knut-Hendrik Lajord.

Campen varar i seks veker, frå 22. juni til 31. juli. 

Her er dei utvalgte deltakarane

Tuva Tomren Malmberg (23)

Tuva studerer fjerde året på Energi og miljø ved NTNU, med spesialisering i energi- og prosessteknikk, og har sterk interesse for vasskraft. Ho har relevant erfaring frå sommarjobb hos Hafslund og har ein draum på sikt om å etablera seg i Sogn.

– Det er veldig kjekt å få denne moglegheita, det set eg stor pris på. Eg gler meg til å bli kjend med dei andre studentane, jobba i tverrfagleg team, bli betre kjent med Sogn og Sognekraft – og til å utnytta alt området har å by på, seier ho.

 

Ole Sivert Røyrhus (22)

Ole Sivert studerer tredje året på Energi og miljø ved NTNU og er særleg interessert i berekraftige energiløysingar. Han har familie i Sogn og ser campen som ei moglegheit til å få relevant erfaring i regionen. Ole Sivert er ein satsande toppidrettsutøvar innan friidrett, og spring no 800–1500 meter.

– Eg trur mange av søkjarane hadde gjort ein solid innsats i Camp Sognekraft, så det set både krav og forventningar til meg som har vore så heldig å bli valgt ut. Det eg gler meg mest til, er både å få bryne meg på prosjektet og opparbeide praktisk erfaring med å bruke teori i ei reell problemstilling, og det å bli godt kjend med dei andre deltakarane gjennom sosiale aktivitetar og unike opplevingar.

Sigrid Melheim (22)

Sigrid kjem frå Vik og studerer maskin- og energiteknologi ved NTNU, med fordjuping i energi- og straumningsteknikk. Ho er motivert for å bruke kunnskapen sin innan termodynamikk og fluidmekanikk i praksis og ønskjer å lære meir om korleis teori og teknologi fungerer ute i felt. Sigrid ser på campen som ein unik moglegheit til å få relevant erfaring og bidra i prosjekt som har betydning for fornybar energi og lokalsamfunnet.

– Eg valde å søkja fordi eg vil heimatt til sogn og samstundes få relevant arbeidserfaring. Eg har høyrt mykje bra om Sognekraft frå venner, og håpar på at Camp Sognekraft kan koma med spennande problemstillingar. Det er utruleg stas å bli valt ut, og eg skal verkeleg gjera det beste ut av det. Eg gler meg til å bli betre kjend med både Sognekraft som bedrift og dei andre som skal vera med på campen, seier ho.

Oskar Farbrot (23)

Oskar studerer fjerde året på fysikk og matematikk ved NTNU, med retning teknisk fysikk. Han har solid kompetanse innan modellering, simulering og programmering (Python, C++, Git), samt erfaring frå SINTEF Energi der han jobba med API-utvikling knyttet til langtidsmodellar for optimalisering av vannkraftsystem. Oskar vurderer Sognekraft som ein attraktiv arbeidsgivar og ønskjer å bruke sommaren til å få relevant erfaring og knyte kontakt med fagmiljøet.

– Eg vart veldig glad då eg fekk tilbodet. Camp Sognekraft var førstevalet mitt for sommaren, så dette betyr mykje. Eg gler meg til å bli kjend med bedrifta, jobba saman med dei andre deltakarane – og til å oppleva naturen med padling, klatring og turar i Sogn med vakre omgjevnader, seier han.

Nysgjerrig på kva som ventar deltakarane? Sjå video frå Camp Sognekraft 2025:

Neste
Neste

- Har vore heilt fantastisk