- Har vore heilt fantastisk
Deltakarane for Camp Sognekraft 2025 takkar for seg etter fem unike veker i Sogn. Frå venstre: Arne Wollen Mork, Martine Østvik, Maja Åsmul og Anna Torvund.
Etter fem veker med høgt tempo, fagleg fordjuping, nye vennskap og spektakulære naturopplevingar er Camp Sognekraft over for denne gong.
– Det har vore kjempekjekt. Me har lært utruleg mykje og fått god hjelp av dei tilsette, seier Anna Torvund.
Gjennom sommaren har studentane jobba i prosjektarbeid der dei har sett nærare på mogleg oppgradering av eksisterande kraftverk, og mot slutten av sommaren leverte dei ein grundig rapport som vart presentert for tilsette ved hovudkontoret i Vik.
Studentane har gått inn i prosjektarbeidet med eit brennande engasjement, og omtalar arbeidet som både spanande og lærerikt.
– Eg har lært mykje om kraftmarknad, hydrologiske utrekningar og mykje meir – og hatt flinke mentorar som hjelpte oss vidare når me stod fast, seier Maja Åsmul.
– Me blei svært godt tekne imot. Alle var trivelege og delte villig av kunnskapen sin, fortel Arne Wollen Mork.
Martine Østvik oppsummerer det slik:
– Me fekk ein god og spennande oppgåve. Sognekraft er eit framoverlent konsernt som verkar svært åpne for endringar og nye innfallsvinklar. Det har gjort vårt prosjektarbeid ekstra motiverande.
Det har vorte mange ekskursjonar denne sommaren både i Sognekraft og som del av Sognacamp. Her frå transformatorstasjonen til Sygnir, på Kaupanger.
Kombinasjonen av fag og felleskap
Men sommaren har handla om mykje meir enn berre det reint faglege. Camp Sognekraft har i år vore ein del av det regionale samarbeidet Sognacamp, der fleire verksemder og Sogn Næring samarbeider om å tilby faglege og sosiale sommarprogram for studentar.
Ved sidan av prosjektarbeidet har sommarstudentane delteke på aktivitetar som kajakkpadling, klatring, felles bading, festival og andre sosiale og friluftsbaserte opplevingar.
– Kombinasjonen av det faglege, det sosiale og ikkje minst naturopplevingane har vore heilt fantastisk, seier Arne Wollen Mork.
Kombinasjon mellom fag felleskap og naturopplevingar har synt seg å vera ein fin oppskrift for studentane gjennom sommaren.
– Heile opplegget har vore sosialt og inkluderande. Me har bada nesten kvar dag, sove i hengekøye og fått oppleva masse moro saman. Det har rett og slett vore ein unik sommar. Me kan absolutt anbefala å søkja Camp Sognekraft 2026, avsluttar Martine Østvik.
Sognekraft takkar for ein solid innsats av deltakarane av Camp Sognekraft 2025!