Ei historie om berekraft

Gjennom generasjonar har tilgang til elektrisitet vore ein grunnstein for samfunnsutvikling i Sogn.

1900

Det tidlige 1900-talet

På slutten av 1800- og starten av 1900-talet var det harde levekår for folk flest i Sogn. Ein måtte verkeleg jobba for å få mat på bordet, og ikkje minst for varme i hus.

Fleire småkraftverk vart sett i drift inn mot starten av 1900-talet, men produksjonane var små og dei aller fleste husstandar var framleis utan elektrisk straum.

Av kraftverka Sognekraft driftar i dag, var Dyrnesli det første som vart bygd tilbake i 1894.

1913

Det første kraftverket i Vik

Det første kraftverket i Vik vart starta i Refsdal i 1913. Vik var då mellom dei første bygdene i gamlefylket som fekk kraft til allment bruk.

«Bygden lå som forvandlet under det sterke lys».

Huset til lensmann Anfin Øen i Vik
1943

Årøy kraftverk kom i drift

Årøy kraftverk kom i drift ved førjulstider i 1943 og kunne forsyna både Hafslo, Sogndal og Leikanger med straum.

For nokre vart dette startskotet for ein ny kvardag.

Bygging av Årøy kraftverk
1947

Sognekraft vart skipa

14. mars 1947 gjekk kraftlag og kommunar i midtre og indre Sogn saman, og L/L Sognekraft vart skipa.

Målet var klart: Å syta for elektrisk kraft i distriktet ved leige, utbygging og samkøyring.

1955

Sognefjordspennet

I 1955 vart Sognefjordspennet, det som då vart verdas lengste kraftleidningsspenn, bygd.

Dette gav eit heilt anna utgangspunkt for industrielt samarbeid og samfunnsutvikling i Sogn.

Skilt om Sognefjordspennet
1958

Eit merkeår

Refsdal kraftverk vart sett i ordinær drift og kunne levera kraft til leidningsnettet.

No var store delar av forsyningsområdet til Sognekraft forsynt med straum.

Refsdal kraftverk
1967

1967 til 1969

Refsdal kraftverk vart utvida, samstundes som Hove kraftverk og Målset kraftverk vart sett i drift, alle tre som ein del av «Vikfalli».

Då siste kraftutbyggingi var ferdig, gav det moglegheit for nye arbeidsplassar og Vik Verk vart opna i 1968.

Vik Verk
1970

1970-talet

Etter at A/S Årøy vart slege saman med Sognekraft, følgde mange lokale kraftlag etter og fusjonerte med selskapet.

Eit endå meir spissa interkommunalt samarbeid var i gong.

1983

Årøy kraftverk del to

Årøy kraftverk del to vart bygd, inn i fjellet.

Med oppgraderinga vart Sognekraft ein solid regional bidragsytar med kring 450 GWh i årleg produksjon.

Årøy kraftverk del to under bygging
2005

Drivkraft i Sogn

Sognekraft sette i verk ein ny og offensiv strategi.

Med visjonen «Drivkraft i Sogn» tok Sognekraft sats mot å vera ei regional berebjelke for samfunnsutvikling og verdiskaping.

2007

Sognenett vart oppretta

Sognenett vart oppretta med formål om å sikra fiber til innbyggjarane i heile Sogn.

Seinare tok ei storstilt fibersatsing til med mål om å sikra digitale breibandstenester i heile regionen.

Skiping av Sognenett
2011

Fjernvarmeanlegg i Sogndal

I 2011 bygde Sognekraft eit fjernvarmeanlegg i Sogndal basert på fjordvarme frå 60 meters djupn i Sogndalsfjorden.

Anlegget har levert fornybar energi til fleire sentrale aktørar i Sogndal.

Fjordvarmeanlegg ved Fosshaugane Campus
2016

Småkraft og robust breiband

Sognekraft sette i gong den til då største og mest omfattande småkraftutbygginga gjennomført i landet, langs Fjærlandsfjorden.

Sognenett starta òg bygging for å etablera separate føringsvegar for breiband mellom aust og vest.

Utbygging langs Fjærlandsfjorden
2017

Leikanger kraftverk

Bygging av Leikanger kraftverk tek til.

Kraftverket stod klart for full drift i 2021 og er eit viktig bidrag til det grøne skiftet i Sogn.

Leikanger kraftverk
2021

Sognekraft vart konsern

Sognekraft vart omdanna til konsern.

Nettseksjonane frå Sognekraft, Aurland Energi og Lærdal Energi vart samla i Sygnir.

Sygnir og Sognekraft i konsern
2022

Sogn Utvikling

Sogn Utvikling vart skipa i samarbeid med eigarkommunane Luster, Sogndal og Vik.

Formålet var å sikra areal og leggja til rette for framtidig grøn industri i Sogn.

Skiping av Sogn Utvikling
2023

Feios kraftverk og vidare vekst

Feios kraftverk vart i 2023 det største nye kraftverket under bygging i Noreg.

Samstundes rusta Sygnir straumnettet for framtidas behov, og Sognenett IT vart skipa for å styrkja det lokale IT-tilbodet i Sogn.

Feios kraftverk under bygging

Vegen vidare

Historia vår stoppar ikkje her. Med røter i fornybar kraft, lokal verdiskaping og framtidsretta løysingar skal me framleis vere drivkraft i Sogn i generasjonane som kjem.