Søknad om støtte
-
Sognekraft-konsernet støttar i stor grad opp om frivillige lag, organisasjonar og arrangement innan kultur og idrett. Samstundes som at me med glede kan konstantera at me får mange førespurnader, kan me diverre ikkje innvilge støtte til alle.
Primært ønskjer me å støtta tiltak som er med på å gje ein meirverdi i nærsamfunnet. Sjølv om ei hovudgruppe for oss gjerne er barn og unge i vårt lokalområde, så har våre bidrag ingen aldersgrense. Me heiar først og fremst på folk som går foran for å skapa positiv energi, sosialt og lokalt. Mangfald og samhald. Sportsleg og fagleg. -
Tiltak og aktivitet knytt mot:
Barn og ungdom.
Idrett og kultur .
Frivillige lag og organisasjonar .
Sosialt samfunnsengasjement.
Engasjement som er miljøvenlege og berekraftige.
-
Føremål som er i strid med våre etiske retningslinjer eller grunnleggjande verdiar.
Enkeltpersonar og enkeltpersonar sine prosjekt.
Religiøse og politiske organisasjonar.
Russebil/buss .
Enkeltståande turar/reiser/ekspedisjonar, t.d. i regi av skule, korps og idrett.
Vedlikehald og renovasjon av bygg eller andre anlegg, t.d. kunstgrasbaner, ballbinge og idrettshallar.
Offentleg verksemd/aktivitetar som er under offentleg ansvar.
Miljøskadelege føremål.