Ei historie om berekraft

Gjennom generasjonar har tilgang til elektrisitet vore ein grunnstein for samfunnsutvikling i Sogn.

1900

Det tidlige 1900-talet

På slutten av 1800- og starten av 1900-talet var det harde levekår for folk flest i Sogn. Ein måtte verkeleg jobba for å få mat på bordet, og ikkje minst for varme i hus.

Fleire småkraftverk vart sett i drift inn mot starten av 1900-talet, men produksjonane var små og dei aller fleste husstandar var framleis utan elektrisk straum.

Av kraftverka Sognekraft driftar i dag, var Dyrnesli det første som vart bygd tilbake i 1894.

Eit større kraftverk vart bygd i 1907 for å gje energi til produksjon av natrium. Dette vart det første store kraftverket i Sogn som vart utbygt til industrielt bruk.

1913

Det første kraftverket i Vik

Det første kraftverket i Vik vart starta i Refsdal i 1913. Vik var då mellom dei første bygdene i gamlefylket som fekk kraft til allment bruk.

Frå no av var straumen komen til 275 brukarar. I byrjingi var det fyrst og fremst lyset i stovene som endra kvardagen.

«Bygden lå som forvandlet under det sterke lys.»

Huset til lensmann Anfin Øen i Vik
1943

Årøy kraftverk kom i drift

Årøy kraftverk kom i drift ved førjulstider i 1943 og kunne forsyna både Hafslo, Sogndal og Leikanger med straum.

For nokre vart dette startskotet for ein ny kvardag, med elektrisk lys og langt meir lettvint arbeid i heimen.

«Til jul kom det lys og straum … bestemor mi, Johanna, tok til tårer, då ho såg føre seg kor lettvint det skulle bli å koka og steika.»

Bygging av Årøy kraftverk
1947

Sognekraft vart skipa

14. mars 1947 gjekk kraftlag og kommunar i midtre og indre Sogn saman, og L/L Sognekraft vart skipa.

Målet var klart: Å syta for elektrisk kraft i distriktet ved leige, utbygging og samkøyring.

1955

Sognefjordspennet

I 1955 vart Sognefjordspennet, det som då vart verdas lengste kraftleidningsspenn, bygd.

Dette gav eit heilt anna utgangspunkt for industrielt samarbeid og samfunnsutvikling i Sogn.

Skilt om Sognefjordspennet
1958

Eit merkeår

Refsdal kraftverk vart sett i ordinær drift og kunne levera kraft til leidningsnettet.

No var store delar av forsyningsområdet til Sognekraft forsynt med straum, og elektrisiteten vart ein stadig meir naturleg del av kvardagen i bygdene.

Refsdal kraftverk
1967

1967 til 1969

Refsdal kraftverk vart utvida, samstundes som Hove kraftverk og Målset kraftverk vart sett i drift, alle tre som ein del av Vikfalli.

Då siste kraftutbyggingi var ferdig, gav det moglegheit for nye arbeidsplassar og Vik Verk vart opna i 1968.

Bedrifta som produserer rekkverk, skilt, snøskjermar og andre produkt i aluminium har på det meste hatt 220 personar i arbeid.

Vik Verk
1970

1970-talet

Etter at A/S Årøy vart slege saman med Sognekraft, følgde mange lokale kraftlag etter og fusjonerte med selskapet.

Eit endå meir spissa interkommunalt samarbeid var i gong.

1983

Årøy kraftverk del to

Årøy kraftverk del to vart bygd, inn i fjellet.

Med oppgraderinga vart Sognekraft ein solid regional bidragsytar med kring 450 GWh i årleg produksjon.

Årøy kraftverk del to under bygging
2005

Drivkraft i Sogn

Sognekraft sette i verk ein ny og offensiv strategi.

Med visjonen «Drivkraft i Sogn» tok Sognekraft sats mot å vera ei regional berebjelke for samfunnsutvikling og verdiskaping.

2007

Sognenett vart oppretta

Sognenett vart oppretta med formål om å sikra fiber til innbyggjarane i heile Sogn.

I 2009 starta utbygging av fibernett til folket, og fiber til den første private utbygginga i Sogn vart levert til Solvorn.

Ved signering av nytt eigarskap i 2013 vart Sognenett 100 prosent eigd av E-verka i Sogn, og vidare satsing var sikra.

Skiping av Sognenett
2011

Fjernvarmeanlegg i Sogndal

I 2011 bygde Sognekraft eit fjernvarmeanlegg i Sogndal basert på fjordvarme frå 60 meters djupn i Sogndalsfjorden.

Anlegget har levert fornybar energi til fleire sentrale aktørar i Sogndal.

Fjordvarmeanlegg ved Fosshaugane Campus
2016

Småkraft og robust breiband

Sognekraft sette i gong den til då største og mest omfattande småkraftutbygginga gjennomført i landet, langs Fjærlandsfjorden.

Sognenett starta òg bygging for å etablera separate føringsvegar for breiband mellom aust og vest.

Utbygging langs Fjærlandsfjorden
2017

Leikanger kraftverk

Bygging av Leikanger kraftverk tek til.

Kraftverket stod klart for full drift i 2021 og er eit viktig bidrag til det grøne skiftet i Sogn.

Leikanger kraftverk
2021

Sognekraft vart konsern

Sognekraft vart omdanna til konsern.

Nettseksjonane frå Sognekraft, Aurland Energi og Lærdal Energi vart samla i Sygnir.

Sygnir og Sognekraft i konsern
2022

Sogn Utvikling

Sogn Utvikling vart skipa i samarbeid med eigarkommunane Luster, Sogndal og Vik.

Formålet var å sikra areal og leggja til rette for framtidig grøn industri i Sogn.

Skiping av Sogn Utvikling
2023

Feios kraftverk og vidare vekst

Feios kraftverk vart i 2023 det største nye kraftverket under bygging i Noreg.

Samstundes rusta Sygnir straumnettet for framtidas behov, og Sognenett IT vart skipa for å styrkja det lokale IT-tilbodet i Sogn.

Feios kraftverk under bygging

Vegen vidare

Historia vår stoppar ikkje her. Med røter i fornybar kraft, lokal verdiskaping og framtidsretta løysingar skal me framleis vere drivkraft i Sogn i generasjonane som kjem.